Endeleg opnar Heltnevegen!

Endeleg opnar Heltnevegen!

Etter ei lang anleggsperiode kan vi endeleg ønske trafikk velkomen tilbake på Heltnevegen!

F.v. Steffen Mo Otterdal frå Sentrum Rør, Helge Berstad frå Volda kommune og Sindre Humberset frå Humberset Maskin.  - Klikk for stort bileteF.v. Steffen Mo Otterdal frå Sentrum Rør, prosjektleiar Helge Berstad frå Volda kommune og entreprenør Sindre Humberset frå Humberset Maskin. Anders Rogne

Fredag 24. oktober klokka 15 opnar Heltnevegen, ein og ein halv månad før planlagt tid. 

Humberset Maskin har vore kontraktspart for Volda kommune, med kontrakt signert 25. mars 2025. Arbeidet starta veka etter, den 1. april, og entreprenøren har levert ein solid innsats gjennom heile anleggsperioden. 

Det har vore gjort nokre endringar undervegs, og ny ferdigdato etter desse justeringane er sett til 15. desember 2025.

Difor er det med stor glede vi kan informere om at vegen opnar i dag, torsdag 24. oktober klokka 15.00.

– Det vil framleis pågå noko arbeid på og langs vegen den næraste tida, men ikkje meir enn at vi no har valt å opne vegen for trafikk, seier Helge Berstad,  prosjektleiar i Volda kommune.

Bilete av Heltnevegen ned mot Voldaportalen - Klikk for stort bileteSlik ser vegen ut etter at det har blitt skifta ut vassrøyr under vegen. Helge Berstad