Endeleg vert Volda kommune ein Skravlekopp-kommune! 

Endeleg vert Volda kommune ein Skravlekopp-kommune! 

Bilete av ordførar Sølvi Dimmen, kultursjef Kristina Kostopoulos og banksjef Arne Lothe - Klikk for stort bilete Robert Bratteberg

 

Skravlekopp er eit prosjekt med mål om å auke bevisstheita rundt korleis vi møter kvarandre og førebygge og redusere einsemd i samfunnet.

Bilete:Ordførar, Sølvi Dimmen, kultursjef, Kristina Kostopoulos og banksjef Sparebank1Søre Sunnmøre, Arne Lothe.

Tid, tilgjengelegheit og rausheit står i fokus. I Volda kommune har vi så vidt starta opp arbeidet med å få på plass skravlekoppar, skravlebenkar, skravlekopp-ambassadørar og andre engasjerte personar.

Skravlekopp er ein grøn kopp som skal stå saman med dei andre koppane på utvalde kafear, kantiner og gode møteplassar. Om du vel å drikke frå ein Skravlekopp, viser du andre i lokalet at du gjerne snakkar litt med nokon medan du drikk. Målet er at alle som ønskjer det lettare skal få seg ein prat. 

Volda kommune har fått tildelt 35 000,- frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre som er stolt sponsor av denne ordninga.

Med støtta frå banken vil kommunen no gå i gang med å kjøpe inn Skravlekoppar, og vi håper ordninga vil vere på plass i alle bygdelag i kommunen før sommaren.