Endra køyremønster i Furene

Endra køyremønster i Furene

Vegen mellom Furene og Mork har vore stengd ein periode og vil vere det nokre månader til.  Ein konsekvens av dette er at all trafikk ut på  E39 har gått om hovudkrysset i Furene . 

For å avlaste hovudkrysset inn på E39 er det no opna for at trafikk som skal i retning Volda kan nytte buss-slusa ut av Furene.

Vi håpar at dette skal lette situasjonen noko både for bilistar og offentleg transport i området.