Reisevaneundersøking: di meining er viktig!

Lenke til undersøkinga: https://app.maptionnaire.com/q/voldareisevanar  

Engasjer deg i demokratiet - bli valmedarbeidar!

Engasjer deg i demokratiet - bli valmedarbeidar!

Volda kommune ser etter engasjerte folk som vil vere med og bidra til ei god og sikker gjennomføring av valet i alle kretsane våre på valdagen, mandag 8. september. 

Riktig gjennomføring av valet er viktig for eit velfungerande demokrati, derfor treng vi gode medhjelparar på laget. 

Valfunksjonær Sonja Håvik tek imot stemmesetel frå Håvard Strand  - Klikk for stort bileteValfunksjonær Sonja Håvik tek imot stemmesetel frå Håvard Strand

Vi ser etter deg som:

  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2025
  • Snakkar og forstår godt norsk
  • Er imøtekomande, positiv og har godt humør
  • Du må ha generelt gode IT-kunnskapar og ein fungerande elektronisk ID for å logge deg inn på det digitale valadministrasjonsprogrammet som vi bruker
  • Du kan ikkje vere listekandidat ved stortingsvalet 2025 i Møre og Romsdal valdistrikt.

 

I tillegg må du kunne delta på obligatorisk opplæring i august/september.
Erfaring med valarbeid vert vektlagt.
 

Arbeidsoppgåver

  • Legge til rette i vallokalet, sørge for at valet skjer i rolege og trygge omgjevnader (eller: Vakthald og køordnar i og utanfor vallokalet
  • Rettleiing av veljarar
  • Ta imot og stemple stemmesedler og kontrollere at veljarane er innført i det elektroniske manntalet
  • Oppteljing av stemmer etter at vallokalet er stengt

Kvar krets har ein leiar og ein nestleiar, og du som valmedarbeidar skal vere ein støttefunksjon til desse. Vi treng valmedarbeidarar i alle kretsane våre, og du kan legge inn ønske om kva krets du vil vere med i. Dersom vi ikkje kan imøtekome ønsket ditt vil du få tilbod om å stille i ein annan krets.
 

Tidspunkt

Du kan velje mellom desse alternativa:

  • Austefjord krets:  12.00-18.00
  • Dalsfjord krets: 12.00-18.00
  • Folkestad krets: 12.00-18.00
  • Hornindal krets:  12.00-18.00
  • Mork krets:  12.00-18.00
  • Øyra krets: 09.00-20.00 - deles inn i ca. 9-14.30 og 14-20

Valmedarbeidarar ute i kretsane og på siste vakta i Øyra krets må regne med å vere med på opptelling av stemmer etter stengetid.
 

Godtgjersle

Valmedarbeidarar valdagen får ei fast timeløn på kr 258 (før skatt). Lønn vert utbetalt etter timelister ført av leiar i vallokalet.

 

Slik registrerer du deg

Alle søknadar skal sendast på epost til postmottak@volda.kommune.no.  Legg ved følgjande opplysningar i eposten:

  • Namn og adresse
  • epost og telefonnummer
  • kva krins du helst vil vere valmedarbeidar i (for Øyra krins: om du ønsker “tidlegvakt” eller “seinvakt”)

 

Søknadsfrist 13. juni

Tilsetting av valmedarbeidarar skjer fortløpande etter 13. juni. Dersom du får tilbod om stilling som valmedarbeidar vil du få brev om dette, der vi ber om elektronisk signering. Ver merksam på at du må bekrefte tilbodet elektronisk så snart som mogleg.