Vi søkjer difor kontinuerleg etter nye bedrifter og arbeidsgjevarar å samarbeide med.
Er di bedrift eller din organisasjon interessert i å høyre meir? Fyll ut skjemaet, så vil ein av våre praksiskoordinatorar ta kontakt med deg for å avklare kva for kandidatar som kan vere ein god match for dykk.
Dersom du er ein kommunal, fylkeskommunal eller statleg arbeidsgjevar og ynskjer å tilby ein praksisplass, kan du også ta kontakt med oss.
Klikk her for å fylle ut skjema
Praksis - butikkmedarbeidar
Hallstein Velsvik
Vi tilbyr:
- Eit variert utval av kandidatar med mangfoldig kompetanse og erfaring
- Ein dedikert kontaktperson med direktenummer, tilgjengeleg for arbeidsgjevar
- Rask tilbakemelding
Vanlege spørsmål om praksis:
Kva er arbeidspraksis?
Arbeidspraksis er ei midlertidig ordning der ein person får moglegheita til å jobbe i ei bedrift eller organisasjon for å få praktisk erfaring og innsikt i arbeidslivet, i tillegg til å øve på språk. Ordninga er kostnadsfri for arbeidsgjevaren i praksisperioden.
Ved å tilby arbeidspraksis til flyktningar, får du ikkje berre tilgong til ein unik og mangfaldig talentpool, men de bidreg òg til samfunnsansvar og inkludering. Dette er ei berekraftig form for rekruttering, og noko som støttar lokalsamfunnet i Volda. Bedrifta får eit positivt omdøme, og samstundes får deltakarane verdifull arbeidserfaring, innsikt i det norske arbeidslivet og moglegheita til å utvikle sine ferdigheiter. Samla sett er arbeidspraksis ei investering i både di bedrift si framtid og samfunnet som heilskap.
Kor mange dagar per veke?
Her er det stor fleksibilitet, og antal dagar kan tilpassast deltakaren og arbeidsgjevarens sine behov. Praksis kan kombinerast med norskopplæring, eller det kan vere heiltidspraksis dersom det er mest tenleg for begge partar.
Kor lenge varer ein arbeidspraksis?
Det kan variere, men det er ønskjeleg at arbeidspraksisen varer i inntil 3 månader. Ved ønske frå begge partar kan perioden forlengast.
Kva forpliktar bedrifta seg til?
Bedrifta forpliktar seg til å inkludere deltakarane både fagleg og sosialt, samt å stille med ein kontaktperson, anten dagleg leiar eller ein vanleg tilsett. Våre kontaktpersonar følgjer opp undervegs i arbeidspraksisperioden, og oppfølginga si hyppigheit og form vert avtalt etter behov.
Kva skjer dersom bedrifta ønskjer å avslutte samarbeidet?
Arbeidspraksisen vert avslutta, og vår kontaktperson følgjer opp kandidaten vidare.
Skal vi lønne deltakar?
Nei, deltakarar mottek introduksjonslønn frå Volda kommune når dei deltek i introduksjonsprogrammet.
Kva skjer ved slutten av perioden?
Vår kontaktperson kontaktar bedrifta for ei sluttevaluering. Det er ønskjeleg at deltakar får ein attest/referanse til hjelp ved framtidige jobbsøk. Dersom bedrifta ønskjer å tilsetje kandidaten, kan Volda læringssenter samarbeide med NAV for rask avklaring om moglege arbeidsgjevartilskot, som lønstilskot eller mentortilskot.
Interessert i å vite meir?
Dersom di bedrift er interessert i å bidra, fyll ut skjemaet, så vil ein av våre praksiskoordinatorar ta kontakt med deg innan kort tid for å avklare vidare detaljar.
Klikk her for å fylle ut skjema
Du kan òg ta direkte kontakt med ein av våre praksiskoordinatorar:
Thomas Busker Larsen
Tlf: 90786793
E-post: thomas.busker.larsen@voldaskulen.no
Hallstein Velsvik
Tlf: 90983492
E-post: hallstein.velsvik@volda.kommune.no