Er du student og folkeregistrert i ei anna kommune?

Er du student og folkeregistrert i ei anna kommune?

Då må du huske å stemme på førehand innan fristen, som er fredag 5. september.

Valmedarbeidarar og veljarar - Klikk for stort bileteValmedarbeidarar og veljarar valg.no

Som student kan du stemme på førehand i kva som helst kommune fram til og med fredag 5. september, men på valdagen 8. september må du stemme i den kommunen du er folkeregistrert i.

Som student i Volda kan du stemme på stortingsvalet på to måtar:

  1. Førehandssstemme i ein kva som helst kommune fram til og med fredag 5. september
  2.  Stemme i din folkeregistrerte kommune på valdagen mandag 8. september.

Dersom du har folkeregistrert adresse i Volda, så kan du stemme i eit av dei seks vallokala i Volda på valdagen. 

Dersom du er folkeregistrert i ei anna kommune, til dømes der du vaks opp, kan du ikkje stemme i Volda på valdagen. 

I Volda er det mottak av førehandsstemmer på Volda samfunnshus og med desse opningstidene: 

Tid og stad for stemmegiving på førehand, Volda samfunnshus
StadPeriodeOpningstid
Rådhuset11.08.-15.08.9:00-15:00
Samfunnshuset18.08.-27.08. og 29.08.9:00-15:00
Samfunnshuset28.08. (langope)09:00-18:00
Samfunnshuset29.08.9:00-15:00
Samfunnshuset30.08. (lørdagsope)11:00-14:00
Samfunnshuset01.09.-04.09. (langope)09:00-18:00
Samfunnshuset05.09.09:00-16:00