Fagdag for dei tilsette i legevakttenesta

Fagdag for dei tilsette i legevakttenesta

Søre Sunnmøre legevakt arrangerte fredag 1. april fagdag for legar, sjukepleiarar og ambulansearbeidarar i området

Erlend Bae  

Det var rundt 40 deltakarar som fekk faglig påfyll og gode diskusjonar med eksterne forelesarar frå Helse Møre og Romsdal. Frå psykiatrisk klinikk kom seksjonsleiar Ottar Røyset i ambulant heimebehandlingsteam, og barnelege Vebjørn Vik haldt forelesning om det sjuke barn. Deltakarane fekk gode bidrag til både kompetanseheving og korleis betre samhandling mellom legevakta og helseføretaket.

Rundt 40 deltakarar fekk med seg foredrag om ambulant heimebehandlingsteam og det sjuke barn Erlend Bae  

seksjonsleiar Ottar Røyset frå psykiatrisk klinikk heldt foredrag i ambulant heimebehandlingsteam Erlend Bae