Fagdag om innsatspersonell

Fagdag om innsatspersonell

Statsforvaltarane i Møre og Romsdal og Trøndelag, Forsvarets veteranteneste og RVTS inviterer helsepersonell til eit digitalt eller fysisk møte om oppfølging av tidlegare innsatspersonell i internasjonale operasjonar og familiane deira.

Målet med samlinga er nettverksbygging og auka kompetanse.

Stad: Scandic Nidelven
Tid: 21. januar 2026 kl. 09.00–16.00

 

Vi trente for alt – bortsett frå å kome heim

Oppfølging av innsatspersonell frå internasjonale operasjonar

Scandic Nidelven hotell, Trondheim | Digitalt
21. januar 2026

Påmelding her

Program

09.00–09.15
Innsatspersonell – kva er felles belastningar?
Innleiing ved psykologspesialist, ph.d. i klinisk medisin
Håkon Stenmark, RVTS

09.15–10.00
Psykisk helse hos FN-/NATO-veteranar og anna innsatspersonell
Ved kommandørkaptein, ph.d., psykologspesialist
Andreas Nordstrand, IMPS

10.00–10.15
Pause

10.15–11.00
Legar utan grenser – erfaringar frå internasjonal innsats
 

11.00–11.15
Pause

11.15–12.00
Veteranhistorie og informasjon om likemannsarbeid i veteranorganisasjonar
Ved Phillip Lautin Jackson, NVIO

12.00–13.00
Lunsj

13.00–13.45
Problematisk sinne som reaksjon etter teneste
Ved kommandørkaptein, ph.d., psykologspesialist
Andreas Nordstrand, IMPS

13.45–14.00
Pause

14.00–14.45
Veteranfamilien – familierelaterte belastningar og moglegheiter for familieretta tiltak
Ved rådgivar Sissel Eide Fremstad, Forsvarets veteranteneste

14.45–15.00
Pause

15.00–15.30
Helsearbeidarar i internasjonalt bistandsarbeid – kva etterreaksjonar kan kome?
Ved psykologspesialist, ph.d. i klinisk medisin
Håkon Stenmark, RVTS

15.30–15.45
Gruppearbeid

15.45–16.00
Oppsummering av dagen

Med venleg helsing
Bjørn Tore Gran
Seksjonsleiar, RVTS Midt-Noreg