Maya Eikrem Nautvik, Medium og kommunikasjon Volda vgs
Heile seks lag frå fire skular deltok, og resultata let ikkje vente på seg:
Platanlønnjegarane frå Bratteberg skule vann den gjeve Champion-prisen og fekk også 3. plass i prosjektprisen.
No ventar den skandinaviske finalen i Lund i Sverige!
Glowguardians frå Folkestad skule leverte strålande og tok både 2. plass i Champion-prisen og 2. plass i kjerneverdiar.
Rettferd for naturen frå Øyra skule sikra seg 2. plass i teknologiprisen.
7. klasse ved Mork skule fekk ein av dei to prisane for beste stand.
Vi er utruleg stolte av innsatsen, kreativiteten og samarbeidet elevane har vist. Resultata viser at skulane våre er heilt i toppen når det gjeld innovasjon, teknologi og lagarbeid.
Tusen takk til alle deltakarar, lærarar, rettleiarar, dommarar og frivillige, og ei særskild takk til Sparebanken Møre som gjer arrangementet mogleg.
Gratulerer til alle saman, og lukke til i Lund, Platanlønnjegarane!
Synnøve Margrethe Rusten, Medium og kommunikasjon Volda vgs.
Synnøve Margrethe Rusten, Medium og kommunikasjon Volda vgs.
Maya Eikrem Nautvik, Medium og kommunikasjon Volda vgs
Maya Eikrem Nautvik, Medium og kommunikasjon Volda vgs