Feiing i sentrum og ved Volda omsorgssenter

Feiing i sentrum og ved Volda omsorgssenter

Volda kommune gjennomfører feiing og reinhald av gater og parkeringsområde denne veka.

Volda omsorgssenter parkering og innkøyrsel  - Klikk for stort bilete Volda kommune | Bente Engeseth

Sentrumsgater i Volda

Det blir kosta og feia i sentrumsgatene på kveld og natt desse datoane:

  • Måndag 4. mai (natt til 5. mai)
  • Tysdag 5. mai (natt til 6. mai)

Arbeidet går føre seg frå kl. 18.00 om kvelden til kl. 08.00 neste morgon.

Arbeidet blir gjort på kveld og natt for å redusere påverknad på trafikk og aktivitet på dagtid.

Parkeringsplass ved Volda omsorgssenter

Parkeringsområdet ved Volda omsorgssenter blir kosta:

  • Onsdag 6. mai
  • Torsdag 7. mai
  • Fredag 8. mai

Arbeidet skjer i delar av området om gongen. Det vil derfor vere mellombels stenging av delar av parkeringsplassen medan arbeidet pågår.

Volda kommune beklagar ulempene dette kan medføre.