Felles formannskapsmøte 19.08.25Tysdag 19. august klokka 13.00 er det felles formannskapsmøte med Ørsta kommune. Møtet skal vere på sosialt rom på Volda campus Sparebank 1 arena. Møtet er ope for publikum.Møtet vert strøyma direkte på KommuneTV. Denne strøyminga tek til rett før møtet startar klokka 13.00. Møteinnkalling og agenda til fellse formannskapsmøte 19.08.25Felles formannskapsmøte Volda og Ørsta 19. august Under parolen: Volda og Ørsta – den fjerde byen i Møre og Romsdal?Møtestad: Volda Campus Sparebank 1 Arena Program for felles formannskapsmøte 19.08.25Program for felles formannskapsmøte 19.08.25TidTema5 minOrdførar i Volda kommune ynskjer velkomen til møtet20 minOrdførar i Ørsta kommune orienterer om bakgrunnen for å invitere Volda kommune å drøfte kommunesamanslåing. Kva utløyste tanken og kva tenkjer Ørsta å oppnå i ei ny og større kommune?20 minKorleis er stoda til desse to kommunane i dag og kva synergiar og effekt av ei slik samanslåing sett frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Else May Botten15 minPause og mingling30 minPresentasjon av Ørsta kultur og kompetansesenter v/ Ørsta kommune?30 minPresentasjon av Aasenkvartalet i Volda v/ Volda Utvikling15 minPause og mingling60 minIGP-prosess – Gitt at det å skape den fjerde byen er visjonen – kva må kommunane einast om for at det skal verte ein realitet – kva må til? Blandar formannskapsmedlemmer frå begge kommunane grupper (4 grupper) 5 min individuell tenking 15 min drøfting i gruppa 40 min gjennomgang og drøfting i plenum15 minVegen vidare v/ ordførarane i Volda og Ørsta Publisert 18.08.2025 16:09 Sist endra 18.08.2025 16:10