Torsdag 2. oktober hadde vi felles politiråd med ungdomsråda i Volda og Ørsta. Rektorane ved dei store ungdomsskulane og ved dei vidaregåande skulane var også med.
Ørsta kommune
Føremålet med møtet var god dialog om ungdomstid, overgangar og avgangsmarkering/russetid. Innleiingsvis presenterte Ingvild Kjøde resultat frå ungdomsundersøkinga som Ørsta kommune har hatt i arbeidet med ny samfunnsdel. Deltakarane sat i blanda grupper og diskusjonen var god.
Det som kom fram var mellom anna at ungdommar ønskjer seg foreldre som er tett på, og at dei er tilgjengelege når ungdomane er ute på eiga hand. Foreldre bør ta meir initiativ og blande seg/bry seg inn i livet til ungdommane sine. Det hadde også vore trygt å få natteramnar i Ørsta igjen, slik det no har blitt i Volda. Om ungdom og medverknad kom det fram at det er vanskeleg å få tak i stemma til dei som slit med utanforskap.
Ungdomar på bygdene ønskjer betre bussforbindelsar til sentrum. I diskusjonen om russetid og avgangsmarkering kom det fram at mange stressar med russetida, og at det er økonomiske utfordringar for både foreldre og ungdommar knytt til denne. Det burde vere tverrfagleg informasjonsmøte til ungdomar og foreldre og at dette skjer i starten av vidaregåande skule. Om tema rus, var det fleire som sa at ein del ungdom vapar og snusar. Det er blitt veldig normalt, men dei som var med i diskusjonen føler ikkje at det er eit press. Det er veldig lett å få tak i det ein vil ha via sosiale media.
Møtet vart avslutta med oppsummering frå gruppene og ordførarane og ungdomsrådsleiarane fekk seie litt om kva dei tek med seg vidare. Det er ønskjeleg å få til eit slikt møte årleg.