Fellingsresultat frå hjortejakta 2021

Fellingsresultat frå hjortejakta 2021

Landbruk I Volda kommune vart det felt 1087 hjortar under hjortejakta året 2021.

Av 1459 tildelte dyr (75 %) vart det felt 1087 under hjortejakta 2021.
Til samanlikning vart det felt 1112 av 1481 tildelte dyr i 2020.

404 dekar per felte løyve (395 i 2020).
Storfjorden (Bjørke) felte 119 dyr (131 i 2020).
Hornindal: 199 dyr (226 i 2020).
Gamle Volda: Ny fellingsrekord med 769 dyr (755 i 2020).

9 vald med fellingsrekordar.
Valdet i Austefjorden skaut mest, med 200 dyr (217 dyr i 2020).
4 vald hadde full kvote.  

 

Tenesteutvalet for forvaltning og utvikling (TFU) oppfordra til å skyte kalvar og koller.

Fordeling vart slik: Kalv: 29 % (27 % i 2020), spissbukk 16 % (17 % 2020), fjorskolle 17 % (17 % 2020), vaksen bukk 14 % (17 % 2020) og vaksen kolle 23 % (21 % 2020). 

Høgaste kalve og kolleandel nokon gong og lågaste vaksen-/bukkprosenten vi har hatt.
Fyrste gong det vart felt fleire fjorskoller enn spissbukkar.

70 % av dyra vart felt på innmark og 30 % i utmark.
43 % i september, 23 % i oktober, 19 % i november og 15 % i desember.

 

Vekter i snitt (2020 i parentes):
Hannkalv 25,5 kg (27,3 )
Hokalv 23,9 kg (24,2)
Spissbukk 49 (49)
Fjorskolle 44 (44)
Vaksen bukk 75 (80)
Vaksen kolle 57 (58).

Snitt for alle dyr, 46 kg: Som gir totalt 50 tonn kjøt med ein verdi på ca. 3,5 millionar kroner.