Fellingsresultat frå hjortejakta 2022

Fellingsresultat frå hjortejakta 2022

Landbruk

I Volda kommune vart det felt 893 hjortar under hjortejakta året 2022.

Det vart felt 893 av 1448 tildelte dyr (62 % fellingsprosent) under jakta 2022 i Volda. Nedgang på 194 felte dyr frå 2021. Dette er i tråd med ønske om å få redusert hjortebestanden i kommunen.

496 dekar per felte dyr (404 i 2021).

Storfjorden (Bjørke) felte 86 dyr (119 i 2021). Data tilbake til 2009 syner at det ikkje har vore lågare fellingsresultat for valdet.

Hornindal: 149 dyr (199 i 2021). Lågaste fellingsresultat sida 2015 kor det vart felt 136 dyr.

Gamle Volda: 658 dyr (769 i 2021).

Det var berre valdet Liaskar Egset som fylte kvota med 11 dyr.

Austefjorden valdet skaut mest med 148 dyr (200 i 2021).

 

Kva vert felt?

Fordeling av felte dyr vart slik: kalv: 29 % (30 % i 2021). Spissbukk 16 % (16 % 2021), fjorskolle 15 % (17 % 2021), vaksen bukk 14 % (14 % 2021) og vaksen kolle 27 % (23 % 2021). 

 

60 % (70 % 2021) av dyra vart felt på innmark og 40 % (30 % i 2021) i utmark.

Slaktevekter i snitt (2021 i parentes): Hannkalv 26 kg (26), hokalv 25 kg (24), spissbukk 49 (49), fjorskolle 44 (44), vaksen bukk 80 (75) og vaksen kolle 59 (57).