Fellingsresultat frå hjortejakta i Volda - 2025

Fellingsresultat frå hjortejakta i Volda - 2025

Det vart felt 894 av 1489 tildelte dyr (60 fellingsprosent) under jakta 2025 i Volda som er ein reduksjon på 196 felte dyr frå 2024. Dette er den lågast fellingsprosenten vi har hatt i kommunen, men i tråd med forvaltingsplanen til kommunen kor eit av måla er å redusere bestanden vesentleg i planperioden (2022-2027). Høge kvoter, høg kolleskyting og fleire som jaktar med termisk utstyr dei siste åra gjer nok at det har blitt mindre hjort i kommunen. 

Hjort - Klikk for stort bileteHjort Jørn Ole Viddal

Dei fleste valda skaut færre hjort i 2025 enn i 2024, størst reduksjon var det for valdet Ytre Dalsfjord.

Kva vert felt?

Fordeling av felte dyr vart slik: kalv: 30 % (31 % i 2024), spissbukk 16 % (17 % 2024), koller 38 % (39 % 2024) og vaksen bukk 15 % (14 % 2024).

Gjennomsnittleg slaktevekter (2024 i parentes): Hannkalv 27,2 (25,9), hokalv 25 (24,5) og spissbukk 49,7 (49,4). 

Tabellen syner fordeling av dei ulike kategoriane i prosent for valda, samt felte hjort i 2025 og 2024.