Kommunedirektør Rune Sjurgard svarar på fem kjappe spørsmål om kommuneøkonomien.
1 . Kor stort er underskotet eller meirforbruket venta å bli?
Til tross for gjennomføring av innsparingar vert prognosen på ca. 57 millionar. Her er usikre faktorar som kva vi endeleg får inn av skatteinntekter. Det veit vi ikkje før i starten av neste år.
2. Kva er hovudårsaka til dette?
Dette kan i hovudsak forklarast med:
- Reduksjon i inntekter, som sal av konsesjonskraft p.g.a. redusert straumpris og avkastning på plasseringar.
- Høgare renteutgifter enn budsjettert. Vi følgde rentebanen til Kommunalbanken som viser seg å liggje lågare enn den faktiske ettersom Norges Bank har utsett senking av renta.
- Nokre av dei planlagde innsparingstiltaka er ikkje realistisk å gjennomføre i år.
- Auka utgifter i lovfesta tenester: auka tilskot til private barnehagar, auka utgifter til 9 plasseringar i barnevernet, auka utgifter til spesialpedagogiske tiltak, auka utgifter i pleie og omsorg knytt til auka behov for individuelle tenester. Meirutgifter til vikar og overtid som følgje av bemanningsutfordringar i pleie og omsorg.
3. Kor mykje vert sparekontoen redusert med dette året?
Da vi gjekk ut av fjoråret var sparekontoen, eller disposisjonsfondet, som det heiter på fagspråket, på 104,6 millionar. Da kommunestyret handsama budsjettet i desember gjorde dei slik som staten, å dekkje opp ei ubalanse i drifta ved å bruke av sparepengane. I staten er det snakk om oljefondet, medan hos oss er dette disposisjonsfondet. Dvs. at kommunestyret vedtok eit budsjett som hadde 25,3 millionar høgare i utgifter enn inntekter og som vart dekt opp av disposisjonsfondet. I løpet av dette året har kommunestyret brukt av disposisjonsfondet til å finansiere prosess på analyse av næringsareal (1 mill), tilskot til Stiftinga Møre Støyperi (2,5 mill) og innfriing av garanti knytt til Mork grendahuslag (142000). Når ein da legg til prognosen for meirforbruk i år, som også må dekkjast av disposisjonsfondet, vil det stå att ca 47 millionar på fondet ved utgangen av dette året.
4. Kva må kommunen gjere for å få samsvar mellom inntekter og utgifter?
Administrasjonen er plikta til å leggje fram eit budsjett og økonomiplan i balanse. Alle åra skal vere i balanse. Sparekontoen vil verte oppbrukt i løpet av neste år. Vi har dette året på å førebu oss på dei grepa som må gjerast for å skape balanse i økonomien i åra som kjem. Utfordringa er at samtidig som kommunen kuttar og omstiller, så oppstår det nye behov i skule, barnehage og pleie- og omsorg, slik at utgiftene i desse tenestene veks. Dette er knytt til demografiutviklinga og nye behov i lovfesta tenester. Altså velferdstenester bestemt av staten, men der staten sviktar når det gjeld finansiering. Desto meir må kommunen kutte og omfordele ressursar for å få berekraft i økonomien. Ettersom vi har eit lovkrav på å gjenskape balansen i løpet av fire år, vil dette smerte stort. Ein må sjå utviklinga av kommunen i eit 10-årperspektiv, og lengre. Inn mot det langsiktige perspektivet vert det jobba med tiltak som betre organisering av turnustenesta og bustad- og tenestetrapp, der vi ser tenesteytinga og bustadprofil i samanheng. Vi jobbar med desse tiltaka i dag, men effekten kjem først om nokre år. Vi vert tvinga til å gjere tiltak som får stor effekt dei første åra, og da kjem vi ikkje utanom å måtte sjå på struktur og tenestenivå. Mange av desse tiltaka vil ikkje vere ynskelege, og dei vil verte svært upopulære. Det er viktig å merke seg at nokre av dei tiltaka som vil kome ikkje er noko administrasjonen vil, men som vi vert tvinga til å foreslå. Når alt vert vert «lagt på bordet» er det dessverre mangel på alternativ. Det vil i så fall vere å vedta ein økonomiplan i ubalanse og verte registrert i ROBEK. Som statsforvaltaren sa i møte med formannskapet tysdag, så vil kommunen sjølv likevel ha ansvaret.
5. Kva skjer no framover?
Administrasjonen har valt å vere heilt opne på dei tiltaka vi arbeider med. Desse tiltaka er enda under vurdering, og har så langt ikkje status som forslag. Først den 6. november legg kommunedirektøren fram sitt framlegg til budsjett og økonomiplan for kommunestyret. Dette er eit ope møte som også vert strøyma. Dette skjer samtidig med at det også vert lagt fram sak om justering av årets budsjett. Frå då av ligg prosessen i politikarane sine hender.