1. Kvar står vi i prosessen og kva er framdriftsplanen
I går fekk formannskapet ei orientering om utfordringsbildet. Kommunedirektøren legg fram sitt framlegg til kommunestyret 6. november. Før det vert det ein gjennomgang med formannskapet i kvart møte framover. Neste møte er 14. oktober. Administrasjonen har varsla politikarane at vi legg opp til ein open prosess, og at vi kjem til å informere offentleg om tiltaka vi jobbar med. Dette sjølv om vi ikkje veit om dei vert vedtekne, men for at innbyggjarane skal ha innsyn i prosessen. Administrasjonen er oppteken av at vi får fram det heile bildet. 
I tida mellom kommunedirektøren sitt framlegg og formannskapet si innstilling 25. november, skal tenesteutvala kome med innspel. Etter at formannskapet har lagt fram si innstilling vert framlegget til budsjett og økonomiplan lagt ut til offentleg ettersyn, slik at innbyggjarane kan kome med uttale. Den viktigaste fasen er før formannskapet vedtek si innstilling. Kommunestyrehandsaminga er den 18. desember.
 
2. Kva er utfordringsbildet slik vi kjenner det i dag?
Volda kommune har ei drift som ligg ca. 30 millionar kroner høgare enn inntektene. Sparepengane til kommunen (disposisjonsfondet) er halvert i løpet av dei to siste åra. Ut frå dei føresetnadene vi kjenner i dag må Volda kommune i løpet av dei komande åra frigjere 50 millionar kroner frå drifta. Da er det innrekna at sparepengane (disposisjonsfondet) er brukt opp i 2027. Kommunedirektøren vurderer det som svært krevjande finne økonomisk balanse for alle dei fire åra i økonomiplanperioden. Det er eit krav for ikkje å kome inn i ROBEK-registeret (statleg styring).
 
3. Kva er årsaken til denne situasjonen?
Dette er samansett. Utan å gjere det for vanskeleg kan ein hekte det på tre hovudfaktorar:
-          Gjeldsbelastninga
Volda kommune har gjort store investeringar dei siste åra og har opparbeidd ei gjeld som tilnærma er dobbel så høg som det som er anbefalt for å ha ein berekraftig økonomi over tid. Dette har gitt innbyggjarane gode tenester og auka bulyst. Dei større investeringane er mellom anna ny ungdomsskule i Hornindal, Løvland bustadfelt, ny brannstasjon i Hornindal, deltaking i utbygging av Volda Campus Sparebank 1 Arena, Voldabadet, ny Volda ungdomsskule, rehabilitering av Volda samfunnshus og ny kino, ny Øyra barneskule, Botnavegen, bustadfeltet Øvre Heltne, Urbakkfoten bustadfelt under utbygging og Hamna 20.
-          Redusert inntektsvekst
Siste ti åra har kommunane fått vesentleg høgare skatteinntekter enn lagt til grunn i statsbudsjettet. Kommunane har fått behalde desse inntektene. Dette gjeld også Volda og er ei av årsakene til at vi kunne leggje av til sparing (disposisjonsfond). Samtidig har renta vore låg. I sum har dette i det kortsiktige perspektiv gjort det mogleg å gjere så store investeringar og ta opp så stor gjeld.
Kommunen har i praksis utsett å frigjere pengar til dei store investeringane, slik at det eigentleg er det vi er i ferd med å gjere no.
 Det må frigjerast pengar frå drifta for å dekkje opp for auka rente. Mange tenkjer kanskje at nedsetting av styringsrenta no vil hjelpe. Vi har teke høgde for dette i rentebanen til Norges Bank når vi la økonomiplanen, slik at det vil ikkje hjelpe oss i dei talprognosane vi operer med.
-          Auka utgifter i individuelle lovfesta tenester
Det er ein vesentleg auke i behov og utgifter til yngre brukarar. Dette handlar om tyngre tenester med store ressursar. Dette gjeld både barnevern, dels i skule og barnhage og mest innanfor pleie- og omsorgstenestene. Dette er lovfesta tenester som i prinsippet skal vere dekt av dei statlege overføringane, men her opplever vi at staten heng etter, og at stadig meir fell på kommunen. Denne situasjonen kombinert med at vi har problem med å rekruttere folk til tenestene, fordyrar drifta med vikarutgifter og utgifter til overtid. 
 
4. Har dette oppstått plutseleg eller er det ei utvikling som er venta?
Med eit høgt disposisjonsfond å ta av kunne vi halde oppe driftsnivået utan at innbyggjarane merka at kommunen samtidig tok opp høg gjeld og etter kvart fekk eit driftsnivå som ligg høgare enn inntektene. No som sparepengane er i ferd med å verte brukt opp, så vert dette synleg, og det må handlast. Det har vore kjent over ti tid at denne situasjonen ville kome, og det ligg allereie inne eit omstillings-/innsparingsprogram på 40 millionar kroner i budsjett og økonomiplanen for 2025–2028 som kommunestyret handsama i desember i fjor. I etterkant har utfordringane auka.
 
5. Kva vil dette bety for innbyggjarane?
Dette er ein svært krevjande situasjon for politikarane. For å sitere ordføraren i Sola kommune, må ein redusere drifta og samtidig ha «langlysa» på. Dette inneber å få aksept frå innbyggjarane på å gjere upopulære tiltak for også å kunne finne rom for langsiktige tiltak. Det som foregår no vil smerte, men kommunen må også ha eit 30-årsperspektiv. For Volda sin del handlar dette mellom anna om tilrettelegging for arbeidsplassar kommunen som vertskommune for regionale funksjonar som vidaregåande skule, sjukehus, høgskule og elles tilrettelegging for næringslivet.  
Å frigjere 50 millionar på fire år er ikkje mogleg utan at det merkast godt. Politikk handlar om å velje mellom alternativ. Det er enkelt når det handlar om gi betre tenester eller gjere nye investeringar. Verre når det handlar om å redusere tenestenivået, men sjølv der er det betre dersom ein kan ta stilling til ulike alternativ. Men med det utfordringsbildet vi står overfor, så ser kommunedirektøren seg nøydd til å innarbeide alle tiltak som kan redusere kostnadene til kommunen. Vi må sjå på alle område der vi kan auke produktiviteten og redusere kostnadene pr produsert time. Dette vil merkast blant innbyggjarane og blant dei tilsette i kommunen dersom dei vert vedtekne. Når vi analyserer kostnadene opp mot staten si behovsutrekning og  samanlikna med andre kommunar, så er det rom for å ta ned driftsnivået i Volda kommune og samtidig levere forsvarlege tenester. Men det vil medføre radikale endringar som det naturleg vil vere mykje motstand mot. I slike prosessar er det viktig med openheit, og at tiltaka kjem på bordet tidleg slik at ein kan setje seg inn i dei og involvere seg. Så er det slik at kommunedirektøren skal kome med eit forslag til budsjett- og økonomiplan i balanse, men det er politikarane som skal gjere prioriteringane og ta endeleg avgjerd. Innbyggjarane må i denne situasjonen vere opne for endringar og lågare tenestenivå, og de må vere budde på at det kjem på bordet radikale tiltak som de vil vere sterkt i mot. Blant desse vil det vere tiltak som heller ikkje administrasjonen ynskjer, men som vi vil sjå oss nøydde til å kome med for å få økonomien i balanse. I løpet av oktober vil vi presentere konkrete tiltak som vi arbeider med for formannskapet, og vi vil orientere offentleg om dei.