Finn di friluftsglede med Stikk UT!

Finn di friluftsglede med Stikk UT!

1. mai brakar det laust med heile 620 turmål i vår region. I friluftslivets år oppfordrar vi alle innbyggarane våre til å vere ekstra mykje ute og bruke Stikk UT!-turane til å samle på fine naturopplevingar.

Hilde Ellingsæter (Sunnmøre friluftsråd) og Liv Synnøve Hoel (Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal) er Stikk UT!-ansvarlege i Møre og Romdal. - Klikk for stort bileteHilde Ellingsæter (Sunnmøre friluftsråd) og Liv Synnøve Hoel (Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal) er Stikk UT!-ansvarlege i Møre og Romdal. StikkUT!


Bli med på Stikk UT! og kjenn kor tilfredsstillande det er å bli litt sprekere gjennom sommaren, og samtidig kjenne på gleden av å vere i naturen med fuglekvitter, bekkar som sildrar eller synet av det yrande livet i ei maurtue. Det er ulik vanskelgrad på turane, så her kan alle finne ein tur som passer for seg. 
 

Kart til alle husstandar

Årets kartbrosjyre, skal no ha kome i postkassene til alle husstandar i Møre og Romsdal, samt Heim i Trøndelag.
– Kartet er friluftsrådet sin invitasjon til kvar enkelt om å delta på Stikk UT!. Vi ønsker at alle skal finne si turglede gjennom Stikk UT!, både ved å bruke nærturmåla  og oppdage nye turperler både i eigne og andre kommunar, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.


Karta er sendt ut til alle innbyggarar i regionen, og i tillegg er det lagt ut ekstra kart på alle innbyggertorg om noen ikkje har fått dette i postkassene sine. Karta kan også lastast ned på stikkut.no eller på friluftsråda sine eigne nettsider.
I tillegg til informasjon om Stikk UT! og årets turmål, har friluftsråda også valt å sette fokus på Friluftslivets år 2025 som no er godt i gang. Derfor er det sett av plass til informasjon om aktiviteter og arrangement i kartbrosjyren i år. 
– Det er mindre snø i fjellet enn vanleg, men det er likevel nokre turmål som har utsett opningsdato. Informasjon om dette finn du i turbomtalen så hugs å lese den før du legg ut på tur i høgda, seier Ellingsæter.


Like fin som før

Friluftsrådene jobber for at naturen skal bevarast like fin som før og oppfordrar alle som ferdast ute til å sette seg inn i Stikk UT!-vettreglane. 
– Vis omsyn til natur, dyr og menneske. Parker som tilvist, hald hunden i band og lat att grinder. Då blir det mykjee trivelegere for alle, seier Hoel/Ellingsæter. Dei understrekar spesielt dette med at hundar må haldast i band for ikkje å skremme hekkande fugl eller dyr på beite. 
Sterk hjerne med Stikk UT!


- Visste du at når du tek ditt første steg ut på tur så oppnår du ein viktig og stor effekt på helsa di? Det seier hjerneforsker, lege og foredragsholder Ole Petter Hjelle som er så begeistra for Stikk UT! at han har blitt vår turtrim-ambassadør.
– Forsking viser at all fysisk aktivitet – i tillegg til å gi oss lengre og betre liv – gjer oss meir kreative, betrar stressmeistring og hukommelse, og reduserer risikoen for depresjon og demens, seier Hjelle. 
Han understreker at fysisk aktivitet er gunstig for så og seie alle funksjonene til hjernen. Ein gåtur om dagen kan ifølgje Hjelle redusere risikoen for demens med inntil 50 prosent.

Nytt i Stikk UT!-appen og stikkut.no 

Etter tilbakemelding frå aktive Stikk UT!-deltakarar har vi tatt tilbake registreringsløysinga på stikkut.no. For å få med alle grupper er det viktig å kunne registrere turane både i appen og på nettsida. Stikk UT!-appen har gått gjennom ei fornying det siste året og fremstår no som brukarvenleg, det er lett å finne turmål i nærleiken av der du er og det er enkelt å registrere turmåla.

Kvifor registrere Stikk UT!-turane?

Hugs å registrer turane dine, for då er du med på dugnaden med å ivareta stiane og behalde Stikk UT!-ordninga. Gode tal for deltaking og registreringar gir friluftsråda og kommunane ein viktig peikepinn på folkehelse-effekten og utløyser midlar for vidare arbeid. 
– No er det berre å lade opp turskoa. La deg inspirere til flotte turmål, og inviter gjerne med ein venn, nabo eller kollega også på Stikk UT!-tur, oppmodar Ellingsæter.


God tur frå Stikk UT!
 

Fakta om Stikk UT!

Stikk UT! er Norges største turtrim med over 50.000 aktive deltagere som til sammen registrerte opp mot 1,5 millioner turer i 2024! Stikk UT! har turmål både sommer og vinter. Turmålene har graderinger etter nasjonal standard, Enkel(grønne), Middels(blå), Krevende (rød) og ekstra krevende (svart).
Stikk UT! er for alle og det er gratis å delta. Alle turer har lik verdi og det legges vekt på gode turbeskrivelser. I Stikk UT!-appen og på stikkut.no finner man kvalitetssikrede Stikk UT!-turmål med turbeskrivelser, registreringsløsning samt statistikk og egen turlogg. Stikk UT! har egne Stikk UT!-vettregler.
Stikk UT! ble grunnlagt i 2005 og driftes av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd.  Tilbudet finnes nå i alle kommunene i Møre og Romsdal samt Heim i Trøndelag. Den populære turtrimmen gir mye turglede og motivasjon til å komme seg ut på tur. Det har blitt ett svært viktig folkehelsetiltak i vår region. Stikk UT! er bygget på et unikt nettverk med kommunekontakter, frivillige, grunneiere samt ulike lag og organisasjoner. Viktig samarbeidsaktører er Møre og Romsdal fylkeskommune og Sparebanken Møre. 
Stikk UT! Norge - I 2025 er Stikk UT! etablert i 128 kommuner fra Nordkapp til Lindesnes og er organisert av 16 friluftsråd.

 

Kontaktperson og Stikk UT!-ansvarleg Sunnmøre friluftsråd:
Hilde Ellingsæter, hilde@friluftsraadet.no, 97 70 96 53.

 

Kommunekontakter Sunnmøre:
 

NamnTelE-postKommune
Hallgeir Hove909 49 358hallgeir.hove@fjord.kommune.noFjord (Stordal)
Kristi Linge Stakkestad452 25 738kristi.stakkestad@fjord.kommune.noFjord (Valldal)
Ernst Valderhaug402 21 129erva@giske.kommune.noGiske
Kristin Myrene992 10 097kristin.myrene@heroy.kommune.noHerøy
Ragnhild Stadheim464 11 076ragnhild.stadheim@stranda.kommune.noStranda
Elisabeth Flåskjer Kjerstad95710241Elisabeth.Flaskjer.Kjerstad@sula.kommune.noSula
Tove Sperre90733379tove.sperre@sykkylven.kommune.noSykkylven
Leif Ringstad47 30 13 32leif.ringstad@ulstein.kommune.noUlstein
Randi Irene Helgøy951 43 997randi.irene.helgoy@vanylven.kommune.noVanylven
Birgit Vollen97755095birgit.vollen@vestnes.kommune.noVestnes
Kristine Sofie Orheim Hansen41512813kristine.sofie.orheim.hansen@volda.kommune.noVolda
Ingvild Endal907 65 811ingvild.endal@orsta.kommune.noØrsta
Kai Oskar Eidsvik97712943Kai.Oskar.Eidsvik@alesund.kommune.noÅlesund (Skodje + Ørskog)
Emilie Glas94522775emilie.marie.glas@alesund.kommune.noÅlesund
Nina Nordang90296086nina.nordang@haram.kommune.noHaram
Torill Morsund Huse482 64 705Torill.Morsund.Huse@alesund.kommune.noÅlesund (Sandøy)
Silje Kiperberg Aksnes47874018Silje.Kiperberg.Aksnes@hareid.kommune.noHareid
Elin Almestad47377895elin.almestad@sande.kommune.noSande

 

Meir informasjon på stikkut.no