Sisa Invest
1. Er dette prosjektet viktig for Volda?
Ja, og for heile regionen søre Sunnmøre. Heile ideen starta med ein kunnskapspark, noko alle andre høgskular og universitet i landet har. Men ikkje Volda. Sjå berre til kva dei har fått til i Kristiansund. Eit samfunn på storleik med Volda og Ørsta. Dei har gjennom samarbeid og satsing fått etablert nye verksemder og
sysselsettingsvekst. Dette kan vi få til i Volda også. Kunnskapsparken skal vere den arenaen som bind saman Høgskulen med kommunane og næringslivet på søre Sunnmøre. Dette gir grunnlag for auka samspel og vil gi ein vinn vinn for akademia og dei som skal ha nytte av den i regionen vår. Kunnskapsparken er berre ein del av innhaldet, men det trekkjer til seg andre miljø. I Dette prosjektet skal Høgskulen ha kontor, det vert lokale til bank, bedrifter, helseaktørar og ikkje minst hotell. Dette representerer auka aktivitet, der hotellet vil gi særleg vekstkraft og synergiar. Eit fullskala konferansehotell har det reint finansielt vist seg nærast umogleg å finne investorar/hotelldrivarar som vil etablere i Volda utan ein kan tilby den aktiviteten og dei synergiane vi vil finne i Aasenkvartalet. Risikoen vert vurdert som for stor. Utbyggjar er i dialog med ei større nasjonal hotellkjede som ser på moglegheitene for å gå inn i prosjektet med ein kapasitet på 150 hotellrom.
Konkurransen mellom regionane er her. Konkurransen står ikkje mellom sentrum og bygdene i Volda, men mellom Volda og dei større byane. Det vert fleire eldre og færre til å gjere jobbane. Høgskulen, sjukehuset, næringslivet og kommunen kjem til å slite for å få tak i kompetansen. Den som er passiv vil tape i denne konkurransen. Når vi spør representantar frå større bedrifter og sjukehuset, så kjem det unisont at vi treng hotell i Volda. Høgskulestyret har også gjort vedtak om at eit konferansehotell for dei er svært viktig.
2. Kven skal byggje?
Det er ikkje Volda kommune som skal byggje. Utbyggjar er Sisa Invest AS – eit norskregistrert selskap eigd av familien Dæhlie. Eit prosjekt til 600 millionar kroner krev aktørar som kan stille med kapital. Aasenkvartalet er enda i prosjektfasen. Utbyggjar er i dialog med nasjonal hotellkjede og andre større nasjonale aktørar som har vist interesse for prosjektet, både leigetakar og investorar.
3. Kva synergiar kan dette gi for Volda?
Eit hotell med 150 rom vil isolert sett vil gi Volda-samfunnet ei vesentleg auka verdiskaping
• Nye arbeidsplassar: 50–75 nye arbeidsplassar på hotellet. Ein reknar vidare at kvar ny arbeidsplass genererer to nye arbeidsplassar i avleda verksemd
(restaurant/servering, bakeri, vaskeri, taxi, flyplass, leigebil etc.)
• Kultur- og idrettsarrangement: Hotellet vil generere auka aktivitet gjennom konsertar og kulturarrangement, større idrettsarrangement og konferansar
• Næringsliv: Bedrifter treng ikkje reise ut av bygda dersom ein skal ha eigne arrangement, eller besøkjande utanfrå
• Sjukehuset: Sjukehuset treng overnatting i nær avstand, ettersom langtidsopphald i større grad vert erstatta av poliklinisk behandling. Det vert vanskelegare å ta vekk funksjonar frå Volda sjukehus dersom vi har hotellkapasitet som dekkjer behovet ved dagbehandling med ei eller to overnattingar
• Reiseliv: Volda har eit uutnytta potensial innanfor reiseliv, der eit hotell vil vere avgjerande for å utvikle reiselivet. I Fosnavåg såg ein at reiselivet fekk ein boost da hotellet kom
• Kunnskapspark: Kunnskapsparken vil styrke Høgskulen og knyte den nærare kommunane og næringslivet i regionen
• Dette er også viktig i ein eventuell framtidig strukturdebatt om høgskulane. I tillegg kjem verdiskapinga frå all annan aktivitet som skal inn i Aasenkvartalet.
4. Kva er kommunen sitt engasjement i dette prosjektet?
Så langt har kommunen ikkje hatt direkte utlegg i prosjektet. Volda Utvikling AS har fått overført tomta på Myrane og selskapet er sjølvfinansierande.
Eer planen skal kommunen sitt engasjement i prosjektet ikkje vere i konkurranse med kommunal tenesteyting. Veg, uteområde og infrastruktur er definert som offentlege anlegg i forslaget til reguleringsplan. Det er sett av 25 millionar i økonomiplanen til dette. Renter og avdrag utgjer 2,1 millionar kroner i året. Sjølve investeringa vil først skje i 2026/2027. Før den tid har dette ingen likviditetseffekt. Utover dette har Volda kommune fått 21 millionar i gåvemidlar som vil dekke kostnadane knytt til innmat i kultur- og konferansescena (scene, lys, teknisk utstyr, amfi etc.). Det er ikkje teke stilling til om det er kommunen som skal eige. Det kan vere at hotellkjeda vil eige denne sjølv. Dersom det vert kommunen som skal eige scena, så vil kommunen leige den ut til hotellet, høgskulen, Norsk Innovasjonssenter og andre og på den måten dekkje driftskostnadane. Det er vidare lagt inn eit overslag på 1,7 millionar kroner i årleg leige av lokale til Newtonrom og Norsk Innovasjonssenter. Innovasjonssenteret skal refundere kommunen for husleiga. Vidare er det lagt inn husleige og drift av legesenter i Aasenkvartalet.
Før prosjektet vert prisa og arealvolumet avklart, vil tala vere ukjende. Førebels er det operert med eit anslag på 4,5 millionar kroner som er innarbeidd i sluen av økonomiplanperioden. Volda kommune må uansett finne nye lokale til legesenter.
Aasenkvartalet er under utforming, så om legesenter er aktuelt akkurat der, må avklarast i ein eigen prosess. Men dersom det kan løysast i dette prosjektet, så vil kommunen ha ei løysing der ein er med å stimulere til realisering av prosjektet med ei utgifter til lokale som vi uansett vil måtte ha.
Kommunen sitt engasjement i prosjektet er tufta på langsiktig strategi om samfunnsmessige synergiar som vil styrke kommunen og regionen med dei
regionale funksjonane som ligg i Volda. Bindande avtalar ligg fram i tid, og kommunen sitt engasjement skal forankrast i politiske vedtak når ting er nærare
avklart.
Aasenkvartalet vil også generere inntekter til kommunen. I tillegg til leigeinntekter viser eit grovt overslag at denne eigedommen vil generere ei årleg inntekt frå eigedomsskatt etter dagens sats på om lag 2,5 millionar kroner.
Om ein regulerer for inntektene vert årleg kostnad for kommunen ca. 4,2 millionar kroner årleg:
Det er verdt å merke seg to ting:
1. Kostnader knytt til «Husleige kommunale areal bygg 2» er ikkje berre nye kostnader. Skal ein sjå på meirkostnad burde dette talet vore justert for dagens
leigekostnader knytt til for eksempel legekontor.
2. Inntekter til Volda kommune knytt til den betydelege auken i verdiskaping Aasenkvartalet vil generere er ikkje tatt omsyn til i tabellen over. Dette vil langt
overskride årleg netto kostnader med prosjektet. Det er forståeleg at det er mykje frustrasjon rundt budsjettforslaget som er framlagt.
Utfordringsbildet for Volda er dei same som no vert opplevd blant dei fleste kommunane i landet. Balanseutfordringa for Volda kommune er mest krevjande for neste år og året etter. Dette er før Aasenkvartalet vert utbygt og kjem i drift, slik at Aasenkvartalet i alle høve ikkje har nokon verknad for dei tiltaka som er foreslått i budsjettet og som det no er vekt sterke reaksjonar mot.
5. Oppsummering
Prosjektet Aasenkvartalet er strategisk viktig for Volda og regionen. Det gir nye arbeidsplassar, styrkar høgskulen, sjukehuset og næringslivet, og opnar for
reiselivsvekst. Kommunen har avgrensa økonomisk risiko og får langsiktige synergiar og inntekter.
Har du uttale til detaljreguleringa for Aasenkvartalet?
Her finn du meir informasjon om offentleg ettersyn og høyring av detaljreguleringa for Aasenkvartalet..