Cecilie Bjørlykke, avdelingsleiar skule i Volda kommune, Audun Hopland, prosjektleiar FLL og Line Homberset, fagkonsulent skule, viser fram t-skjortene som elevane skal få.
Volda kommune
Onsdag 18. september var lærarar frå fleire kommunar på Søre Sunnmøre samla på Volda ungdomsskule for rettleiarsamling om årets First Lego League (FLL). Dette internasjonale prosjektet engasjerer elevar i alderen 10 til 16 år gjennom teknologi, realfag og innovasjon, og gir elevane eit praktisk innblikk i korleis dei kan løyse problem ved hjelp av kreativ tenking og samarbeid.
Årets tema: "Submerged"
Temaet for FLL 2024 er Submerged, som fokuserer på utfordringar knytt til havet og det marine miljøet. Elevane skal utforske problemstillingar relatert til havet og utvikle innovative løysingar på reelle utfordringar. Lærararane på samlinga fekk ei grundig innføring av primus motor og prosjektleiar for First Lego League på Søre Sunnmøre, Audun Hopland, i korleis dei kan rettleie elevane i prosjektarbeidet.
Robotar og innovasjon i fokus
Gjennom FLL vil elevane jobbe med tre hovudelement: bygging og programmering av robotar, eit innovativt prosjekt, og utvikling av samarbeid gjennom kjerneverdiane som er sentrale i FLL. Robotane vil bli brukt i ein konkurranse, medan det innovative prosjektet gir elevane moglegheita til å utvikle og presentere ei løysing på ei sjølvvald problemstilling innanfor årets tema.
Ein viktig del av FLL er å la elevane jobbe på tvers av fag. Teknologi, matematikk, språk og samfunnsfag blir alle integrert i prosjektet, der kvar elev får ei rolle, til dømes som forskar, robotbyggar, eller prosjektleiar.
Førebuing til turneringsdagen
Turneringsdagen, som er sett til 9. november på Volda Campus Sparebank 1 Arena, vil vere ein dag der elevane skal vise fram arbeidet sitt. Her skal dei presentere både robotane og sine innovative prosjekt framfor dommarar. Målet er ikkje berre å konkurrere, men å lære gjennom prosessen og utvikle ferdigheiter som samarbeid og kreativ problemløysing.
Eit prosjekt for alle
I dette prosjektet er alle elevane viktige og lærarane må sikre at alle elevane er med og bidrar.
Prosjektleiaren fortalde at det er lagt vekt på at prosjektet ikkje skal komme i tillegg til vanleg undervisning, men snarare integrerast i fagplanane slik at elevane kan jobbe tverrfagleg over fleire fag.
Gode erfaringar og stor entusiasme
First Lego League har vore gjennomført i mange år, Volda var med for første gang i fjor. Det er tydeleg at både lærarar og elevar ser verdien i prosjektet. Med vekt på både teknologi og samarbeid gir FLL ei unik læringsoppleving som mange ser fram til. For mange elevar blir det også ei moglegheit til å utfalde seg i fag dei kanskje ikkje vanlegvis briljerer i.
I fjor var det klasse 8D ved Volda ungdomsskule som gjekk av med sigeren lokalt og reiste vidare til Mo i Rana til skandinavisk finale.
Samlinga for rettleiarane markerer starten på det som blir ein spanande haust for mange skular, med høg aktivitet, kreativ tenking og robotar i fokus.
Vi ser fram til 9. november og turneringsdag på Volda Campus Sparebank 1 Arena.