First Lego League - turnering og finale 11. november

First Lego League - turnering og finale 11. november

Klasse 8D frå Volda ungdomsskule vann Champion prisen på Søre  Sunnmøre 2023. Lærarane er Hanne Iren Øyra og Anders Rudolf Solheim Thomassen.

Presentasjon med tema ein vil få ut av å vere med i FLL. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Laurdag 11. november vart det arrangert turnering i First Lego league i Volda.  Finalen var for lag frå Søre Sunnmøre

Turneringa var på nye Volda ungdomsskule, og finaledagen var laurdag 11. november mellom kl 10.00–15.30.

Finalen gjekk av stabelen ca kl 15.00.

Turneringa var dessverre ikkje open for publikum på grunn av kapasitet i bygget, og antal personar som har lov å opphaldet seg i bygget.

Det har vore jobba hardt over lang tid med teknologi, innovasjon, kreativitet og samarbeid – og no er endeleg finaledagen her.

FIRST Lego League er ei spennande kunnskaps- og teknologikonkurranse for barn og unge

Opplegget er kopla til læreplanen der elevane får jobbe praktisk, utforske kreativiteten og samarbeide. Dei får oppleve skaparglede, setje eigne idear ut i livet, lære programmering og marknadsføre eigne produkt. 

Elevane vil få arbeide med kompetansemåla på ein litt annan måte 

Dette er ein tverrfagleg konkurranse, det er ikkje ei lego-bygge-konkurranse. Legobygginga er berre ein liten del av konkurransen.  Elevane skulle bygge ein robot, og dei skulle styre den og dei skal igjennom og finne oppgåveløysingar på eit bord. Dette er like mykje ei samfunnsutviklings- og samfunnsløysingsoppgåve.  Elevane skulle lage sine eigne problemstillingar i klassa og løyse dei slik elevane sjølve ønsker å løyse dei. 

Volda er vertskommune for FLL-Søre 2023 (FLL –First Lego league)

Her kan du sjå video frå Ålesund kommune, som har vore med i i First Lego League fleire år.

Sjå elles https://hjernekraft.org/om-hjernekraft for meir informasjon. 
 

Kva er FIRST® LEGO® League?

FIRST Lego League er ei spennande kunnskaps- og teknologikonkurranse for barn og unge.

Konseptet har som mål å vekke interessa for realfag og teknologi blant barn i alderen 4-16 år. 

Programmet er delt inn i tre segment: Discover for 4-6 år, Explore for 6-9 år og Challenge for 10-16 år.

Gjennom 8-10 spennande veker får elevane oppleve ein praktisk tilnærming til realfag og teknologi. Dei får utforske utfordringar frå det verkelege liv og finne innovative løysingar som ingen vaksne veit svaret på.

Sentralt i opplegget er design og programmering av ein LEGO®-robot, som dei brukar til å løyse varierte utfordringar. Deltakarane får også forske på eigne valde problemstillingar, noko som fremmar kreativitet og eigeninitiativ.

Høgdepunktet er turneringa, der deltakarane presenterer arbeidet sitt. Dette skaper ein arena for erfaringsdeling og møte med andre lag. FIRST® LEGO® League kombinerer leik, læring og konkurranse, og inspirerer barn og ungdom til å utforske potensialet i realfag og teknologi på ein engasjerande måte. Dette konseptet spelar ei viktig rolle i å forme framtida til unge deltakarar, og bidreg til å skape neste generasjons innovatørar og problemløysarar.

Les meir på sida hjernekraft.org