Fjordportal og fyrlykt på moloen ved Volda hamn

Fjordportal og fyrlykt på moloen ved Volda hamn

Volda kommune byggemelder nytt tiltak i sentrumsprosjektet

 

I investeringsbudsjettet for 2020 er det sett av midlar til ulike tiltak for utvikling av gate- og utemiljøet i Volda sentrum. Med løyvinga i budsjettet og utviklingsplanen for Volda sentrum som grunnlag går no kommunen vidare og byggemelder og sender ut på anbod fjordportalen og fyrlykta på moloen

Tiltaka har som føremål å utvikle Volda sentrum til ein meir attraktiv stad der det planleggast å nytte verkemiddel i utemiljøet som har høge arkitektoniske kvalitetar i form og materialbruk og at desse saman skal bidra til at kommunesenteret får eit løft. Ein trur at ringverknader av dette vil vere positive med omsyn til å skape optimisme for dei som har eigedomar, bur og driv næringsverksemd i området og for innbyggjarane i kommunen elles. 

Fjordportalen  

I utviklingsplanen for Volda sentrum er moloen ved hamna eitt av fokusområda som Gehl Architects har peika på som viktige satsingsobjekt. Volda kommune vil  i enden av moloen plassere ei eldre fyrlykt frå Dalsfjord Fyrmuseum. Saman med fyrlykta vert det etablert ein «fjordportal» der informasjon om fyrvesenet og fyrmuseet i Dalsfjorden m.a vert presentert. 

Fjordportalen skal byggast i betong og tre og nyttar dei same arkitektoniske verkemidlane som på dei nye bruane i Elvadalen. Inntil sjølve portalen vert det etablert benkar/sitjeplassar der ein kan opphalde seg og nyte utsikt mot fjorden eller følgje med på kva som skjer i hamna. 
Eitt av elementa i fjordportalen er ein utsiktspir som gjer det mogleg å gå ut på og få nærkontakt med sjøen/fjorden. Ein ser føre seg at tiltaket kan verte ein attraktiv sosial møteplass for innbyggjarane og for turistar/besøkande.