Flaumførebyggjande tiltak i Volda sentrum

Flaumførebyggjande tiltak i Volda sentrum

Volda kommune har gjort avtale om flaumførebyggande tiltak i Volda sentrum med entreprenør Aurvoll og Furesund frå Herøy. 

På biletet er det ein blid gjeng, etter at alle detaljar rundt tilbodet var på plass, og avtalen var klar til signering;  f.v.; Jon Magnus Amundsen (Rådgiver Vassdragsteknikk, Multiconsult), Christian Almestad (Oppdragsleder, Multiconsult), Terje Sunde (Prosjektleiar, Volda kommune), Ole Jonny Konningen (Prosjektleiar, Aurvoll og Furesund), Eivind Berge (Daglig leder, Aurvoll og Furesund) og Rune Totland (Teknisk sjef, Volda kommune)

Det var Aurvoll og Furesund frå Herøy, vann anbodskonkurransen på prosjektet "Flaumtilpasningstiltak i Volda Sentrum, Melshornsida" .

Konkurransen var lyst ut før Jul. Grunna litt utsatt tildeling av midlar frå NVE (Noregs vassdrags- og energidepartement) og påvente av politisk godkjenning, vart ikkje avtale signert før i førre veke.

På bileta over: Ordførar Jørgen Amdam har signert og stempla avtalen, etterpå klippte han «snora» på marsipankaka. 

Avtalen er på totalt 47 mill. (+ mva), i den summen er der ein opsjonsdel på 18,5 mill., som vil verte nytta, om kommunen får innvilga støtte frå NVE neste år.

Grunna avslag på tildelinga av midlar frå NVE i 2018, vart anbodspapira i fjor delt opp i to deler. Del I er flaumtilpasningstiltak i Heltneelva, pluss ein overførings-/flaum-kanal frå Orgylelva austover til Heltneelva. Del II, som også er opsjonen, er flaumtilpasningstiltak i Gjølelva.

Arbeidet med Del I, vil verte starta opp no i månadssskiftet mai/juni, og noko av det første som vert gjort er ein ny kulvert og omlegging av elveløpet, der Vikebygdvegen kryssar Heltneelva.

Arbeidet vil starte rett etter skuleslutt. Entreprenøren arbeider mot Statens vegvesen for å få til ei løysing der vegen kanskje kan vere open det meste av tida. 

Volda kommune må i tillegg få på plass ein "gjennomføringsavtale" med Statens Vegvesen, då det er dei som står som eigar av vegen (Fylkesveg 45).

Arbeidet med Heltneelva og Overføringskanalen vil vere sluttført innan utgangen av 2020. Om ein får tildelt midlar frå NVE til del II, vil det verte starta hausten 2020, med sluttføring hausten 2021.

Det er Multiconsult AS frå Oslo som har gjort allt prosjekteringsarbeidet. Dei har også stått for utlysinga av anbodet, samt vore med på gjennomgang av tilboda og val av entrepenør.

På kontraktsmøtet førre veke, var der med representantar frå både Aurvoll og Furesund, Multiconsult og Volda kommune.