Fleire digitale eldre

Fleire digitale eldre

Volda kommune blir del av nasjonal satsing for fleire digitale eldre

Frå venstre i bilete: Personalsjef i Volda kommune, Berit Lyngstad, kommunedirektør i Volda kommune, Rune Sjurgard, lokal koordinator og rettleiar i Volda kommune, Linda Tomasgard, avdelingsleiar kultur, Lise Ulstein, avdelingsleiar innovasjon og digitalisering, Paul Ottar Tornes, Rådgivar i Senteret for et aldersvennlig Norge, Olav Sæbø, Seniorrådgivar i Senteret for et aldersvennlig Norge, Karen Sundgot Gurskevik. Volda kommune

10.03.2026 Volda kommune og det nasjonale Senteret for eit aldersvennleg Noreg har inngått ein avtale om å teste nye tiltak for å få fleire eldre digitale. Samarbeidet skal bidra til å gjere kvardagen enklare og meir digital for eldre. Eit av tiltaka som skal prøvast ut er datahjelp heime, der opplæringa skjer i eigen heim. Målet er å utvikle løysingar som gir god effekt og kan takast i bruk i heile landet.

Pilotane skal testast ut i fleire kommunar på Sunnmøre.

– Dette har vi verkeleg sett fram til å få sett i gang. Vi er svært nøgd med å ha fått med oss Volda kommune i denne piloten. Kommunen er alt i gang med tiltak for å få fleire eldre digitale. Med vårt bidrag i tillegg håpar vi verkeleg å få vekka interessa hos både dei som har lyst til å bli betre til å bruke smarttelefon og datamaskin, og dei som enno ikkje har kasta seg ut i det digitale livet. Det er aldri for seint, seier Nina Myklebust, fungerande leiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

Sidan senteret fekk i oppdrag frå regjeringa å bidra til at fleire eldre blir digitale og meir sjølvhjelpne, er det gjennomført ei omfattande kartlegging. – Det har vore viktig for oss å finne ut kva slags tilbod som finst, kva som fungerer og kva som ikkje gjer det. Og ikkje minst kva folk sjølve ønskjer seg, forklarer Myklebust.

Opplæring heime 

Mange vegrar seg for å delta på kurs saman med andre, og mange uttrykkjer ynske om å få hjelp heime. Dette er eit av elementa i piloten som no blir sett i gang i Volda.

– I tillegg til å teste digital opplæring heime, skal pilotane òg omfatte ein felles møteplass for opplæring, hjelp, spel og sosiale aktivitetar. Senteret utviklar eit eige kursopplegg med pedagogisk tilrettelagt materiell i samarbeid med Kakadu - eit norsk teknologiselskap som lagar digitale rettleiingar for folk som slit med digitale tenester. Vidare vil det bli mogleg å låne nettbrett med seg heim slik at ein kan øve i eige tempo utan å måtte investere i eige utstyr, fortel Myklebust.

Tiltaka rettar seg både mot dei som ikkje er digitale, og mot dei som kan litt, men som strevar med enkelte oppgåver.

Mange ikkje-digitale 

– For oss er dette ei unik moglegheit. Vi har mange eldre som ikkje er digitale, men som vi veit ønskjer å bli det. Og så håpar vi òg å nå dei som ikkje trur dei treng å vere digitale, men som kanskje let seg freiste til å prøve gjennom dette tilbodet, seier Paul Ottar Tornes, som representerer Volda kommune i dette prosjektet.

– Den aukande digitaliseringa i samfunnet gjer det krevjande for mange eldre å henge med. Digital kompetanse er viktig for å kunne delta i ein stadig meir digitalisert kvardag.

For ytterlegare informasjon: 

Nina Myklebust, fungerande leiar Senteret for et aldersvennlig Norge, tlf. 90 69 71 01, e-post nina.beate.myklebust@helsedir.no

Paul Ottar Tornes, avdelingsleiar Innovasjon og digitalisering, Volda kommune, tlf. 902 09 297 e-post paul.ottar.tornes@volda.kommune.no

Les meir om Senteret for et aldersvennlig Norge på: aldersvennlignorge.no