Martin Larsson er den nye fastlegen startar opp i Hornindal
Steffen Myklebust
I Volda kommune har vi ei svært attraktiv fastlegeteneste. Tilbodet er så populært at mange frå andre kommunar har valt seg fastlege her: I september hadde vi heile 1886 pasientar frå over 100 kommunar i landet, men mesteparten er frå Ørsta og Stryn. I tillegg står 758 personar på venteliste, og ein tredel av desse bur utanfor kommunen. Til samanlikning har Ørsta kommune 1044 på venteliste, der ein fjerdedel kjem frå andre stader.
Etter Pasient- og brukerrettighetslova (§ 2-1 c) kan alle innbyggarar i Noreg velje seg fastlege der det er ledig kapasitet – ikkje berre i eigen bustadkommune. Difor er presset på listene i Volda stort.
For å møte behovet har kommunestyret vedteke å opprette to nye fastlegeheimlar, éin i Volda og éin i Hornindal. Det vil styrkje tilbodet og lette trykket på dagens fastlegar. Trass i ei krevjande kommuneøkonomi, har politikarane prioritert dette fordi det er avgjerande for at fleire skal få fastlege.
Fastlegane er sjølvstendig næringsdrivande. Når ein ny heimel blir oppretta, tek det tid å bygge opp pasientlista og inntekta. Kommunen gir difor oppstartstilskot, og nokre legar har gått med på å flytte over pasientar til den nye legen for å bidra med finansiering og aktivitet. Pasientane som blir flytta, blir trekt ut tilfeldig av Helfo – dette kan ikkje kommunen styre. No er det berre enkelte av pasientane i Hornindal som blir flytta over til den nye legen på kontoret der.
Den første nye fastlegen startar 1. oktober 2025 i Hornindal. Dette forutset at Helfo har ferdigbehandla søknaden frå kommunen. Legen heiter Martin Larsson og har brei medisinsk erfaring, mellom anna frå røntgenavdelinga på sjukehuset. No har han oppgradert til ultralydapparat – men har sjølvsagt stetoskopet i reserve.
Dersom du får tildelt Martin som ny fastlege, håpar vi du gir han ein sjanse. Han er ein kunnskapsrik og engasjert lege. På sikt vil det òg bli mogleg å bytte tilbake når listene til Bent og Oda opnar seg igjen.