Forbod mot oljefyring og krav om fjerning av oljetankar

Forbod mot oljefyring og krav om fjerning av oljetankar

Frå 2020 er det forbod mot fyring med fossil olje (parafin og fyringsolje). 

Frå 2020 har Stortinget vedteke at vert det forbod mot fyring med fossil olje (parafin/fyringsolje). Dei som til no har nytta seg av ei slik løysing til oppvarming må innan 2020 ha etablert anna oppvarmingsløysing.

Nedgrevne oljetankar må normalt også gravast opp og fjernast når dei er tekne ut av bruk. Det er huseigar sitt ansvar at dette vert gjort. Enkelte fyringsanlegg vil fortsatt kunne nyttast om ein bygger det om og nyttar biofyringsolje.

Ein kan søkje Enova om tilskot til utskifting av oljekamin eller oljefyr dersom ein samtidig monterer inn ny og klimavennelig varmeløysing.

Det er ikkje kommunen som administrerer dette så her må ein ta direkte kontakt med Enova for meir informasjon og søknadsskjema. Du kan kontakte Enova her.

Har du ein nedgreven oljetank på eigedomen din skal den normalt takast bort og leverast til godkjent mottak. Dette arbeidet skal utførast etter særskilte retningsliner, og det kan vere lurt å kontakte eit firma som har erfaring med slikt arbeid.

Dersom oljetanken er plassert slik at det vil vere uråd eller vanskeleg å ta den bort kan ein søkje kommunen om å la den bli liggande. Det er då strenge krav til reingjering, fylling med eigna stoff og sikring. Søknad med informasjon om årsak til at ein ynskjer å la tanken ligge, kven og korleis arbeidet er tenkt utført sendast til brannavdelinga.

Når oljetank er fjerna skal det sendast melding til kommunen. Skjema for det finn ein på kommunen si heimeside eller ein kan sende som vanleg post.

Skjema for sanering av oljetank finn du her.

Forureiningslova, kapittel 1 §1-8, gir eigar av ein oljetank, uansett storleik, alt ansvar for den forureininga som eventuelt måtte kome frå ein oljetank. Sjølv små mengder olje vil kunne forårsake store skader på miljø, vassdrag og eigedomen tanken ligg i. Sjølv om ein bruker opp oljen som er i tanken vil det alltid ligge att noko, nok til å forureine grunnen.

Dersom oljetankar ikkje vert fjerna eller reingjort og sikra på anna forskriftsmessig måte, må huseigar pårekne store konsekvensar og kostnadar viss ei lekkasje oppstår. Ofte ligg slike tankar nært inntil grunnmuren til huset. Olje som lek ut vil i verste fall kunne trenge både inn under huset, inn i grunnmur og dreneringssystem, forårsake store og omfattande skader og kunne gjere bustaden ubebueleg. Forsikringsselskap har signalisert at dei ikkje vil dekke kostnad med slike skadar dersom huseigar ikkje har oppfylt si plikt om å sikre tanken slik ein skal.

Nedgrevne oljetankar som ikkje vert fjerna eller sikra vil før eller seinare tære opp og kunne kollapse.  I verste fall kan dette føre til personskadar eller skadar på bygningar.                                                              

Ynskjer du meir informasjon så ta gjerne kontakt med Volda kommune.

Stormyra 2, 6100 Volda.  Telefon 70058700.     E-post: postmottak@volda.kommune.no

Kontaktperson i kommunen er:

Roy Inge Heltne

Tlf: 97149658

e-post: roy.inge.heltne@volda.kommune.no