Erlend Krumsvik
Frå 15. april er det ikkje lenger lov å gjere opp eld eller handsame brannfarlege gjenstandar i eller ved skog og utmark, seier branningeniør Knut Øystein Ekroll.
Forbodet gjeld fram til 15. september.
På sommarhalvåret blir det fort tørt i terrenget, ein brann då fort kan spreie seg over store områder. Så mykje som 9 av 10 brannar i skog og utmark skuldast uforsiktig bruk av open eld.
Unntaket frå bålforbodet er bål som er tent opp på stadar der det er openbart at det ikkje kan oppstå brann, typisk dersom det har vært mykje nedbør over lang tid. Ved bruk av tilrettelagte bålplassar er det viktig å vurdere om det likevel kan bli brann ved at gnistar og brennande bitar spreier seg i lufta, eller ved at bålet veltar. Det er viktig å alltid forsikre seg om at bålet er heilt sløkt før ein forlèt staden.
Ekroll seier at forbodet ikkje berre gjeld for bål, det gjeld også anna bruk av open eld som grilling.
Eingongsgrillar er ein typisk orsak til brann når ein går frå den utan å sløkke eller dersom den blir kasta saman med anna avfall utan at grillkolet er heilt kaldt. Mange undervurderer kor mykje vatn som må til for å sløkke ein eingongsgrill, ofte er det ikkje nok med berre ei vassflaske seier Ekroll. Ofte må du bruke minst 10 liter vatn for å være sikker på at alt kolet er sløkt før du kan trygt kaste eingongsgrillen.