Førebels rapport etter stasforvaltaren sitt tilsyn med Volda kommune og Øyra skule

Førebels rapport etter stasforvaltaren sitt tilsyn med Volda kommune og Øyra skule

Statsforvaltaren har ført tilsyn med Volda kommune og Øyra skule. Temaet for tilsynet har vore om kommunen gjennom sin internkontroll sikrar at skulen undersøker og set inn tiltak der det er mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø eller blir krenkt av ein som arbeider på skulen.

Statsforvaltaren har sett at Volda kommune arbeider godt med internkontrollen for å få på plass eit internkontrollsystem som oppfyller lovkrava. Samstundes har tilsynet sett at internkontrollen ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar at skulen undersøker og set inn tiltak i saker der elevar ikkje har det trygt og godt.

Statsforvaltaren har avdekt at skulen ikkje alltid oppfyller undersøkings- og tiltaksplikta som skal sikre eit trygt og godt miljø.

Volda kommune skal ha eit møte med Statsforvaltaren for å gå gjennom den førebelse rapporten. Der har kommunen høve til å kommentere innhaldet før Statsforvaltaren kjem med ein endeleg rapport.

Når endeleg rapport er ferdig, vil kommunen og skulen setje i gong arbeidet med å rette opp det Statsforvaltaren har funne ikkje er fullt ut tilfredsstillande.

Førebels tilsynsrapport Volda kommune - Øyra skule (PDF, 675 kB)