Foreldrekurs i tryggleikssirkelen (Cos-P)

Foreldrekurs i tryggleikssirkelen (Cos-P)

Invitasjon til foreldrekurs i Circle of Security (COS-P). Få eit godt verktøy til å forstå barnet sine behov. Kurset er gratis.

Volda helsestasjon inviterer til COS kurs (circle of security®). Cos-kurs gir foreldre eit verktøy til å forstå barna sine behov betre, kva signal dei gir og kva vi kan gjere for å møte desse behova.

Helsesjukepleiar Ann-Elin Overvoll Lillebø og Palma Kristin Håvik.  - Klikk for stort biletePå dette kurset møter du helsesjukepleiar Ann-Elin Overvoll Lillebø og Palma Kristin Håvik. Volda kommune

Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringane i kvardagen. Kurset kan og bidra til eit godt samspel mellom deg og barna dine.

I kurset snakkar vi om tryggheitsirkelen. Den hjelper oss å sjå kva behov borna har for foreldrestøtte når dei utforskar omgivelsane og når dei opplever vanskelege følelsar.

Illustrasjon av Cos-P sirkelen - Klikk for stort bilete Cos-P

Praktisk informasjon:

Helsestasjonen tilbyr kurset til dykk som er i permisjon eller har barn i førskulealder.

Er du i permisjon kan babyen vere med.

Tid og stad: Kurset blir torsdagar frå klokka 14-15.30 på Volda rådhus, møterom Austefjord (rett ved hovudinngangen).

Det blir 7 samlingar med inntil 7-10 deltakarar. Kurset er gratis.

Datoar for samlingane hausten 2025:

  • Torsdag 06. november
  • Torsdag 13. november
  • Torsdag 20. november
  • Torsdag 27. november
  • Torsdag 4. desember
  • Torsdag 11. desember
  • Torsdag 18. desember

 

Meir informasjon om kurset/påmelding:

Helsestasjonen i Volda ved helsesjukepleiar Ann-Elin Overvoll Lillebø eller Palma Kristin Håvik.

Telefon: 70 05 88 20

Påmelding: digitalt skjema eller til Volda helsestasjonen på telefon: 70 05 88 20

Håpar du blir med på COS kurs!

Praktisk informasjon:

Helsestasjonen tilbyr kurset til dykk som er i permisjon eller har barn i førskulealder. Er du i permisjon kan babyen vere med.

Tid og stad: 

Kurset blir torsdagar frå klokka 14.00-15.30 på Volda rådhus, møterom Austefjord (rett ved hovedinngangen).

Det blir 7 samlingar med inntil 7-10 deltakarar. Kurset er gratis.

Datoar for samlingane hausten 2025:

06.11., 13.11., 20.11., 27.11., 04.12., 11.12. og 18.12