Foreldrerettleiingskurs for foreldre med born på mellomtrinnet

Foreldrerettleiingskurs for foreldre med born på mellomtrinnet

I februar vil foreldre- og ungdomsstøtteteamet (FUS) i Volda kommune starte opp kurs for foreldre til skuleborn frå 5. til 7. klasse.

Gruppebilete av FUS-teamet - Klikk for stort bileteFUS-teamet i Volda kommune. Volda kommune

Kurset heiter TINT – tuning in to teens, og er utvikla for foreldre til unge frå 10 år og oppover. Vi ynskjer å tilby dette til føresette som har elevar i 5.-7. klasse denne gongen, og planlegg til ungdomsskuleforeldre seinare i vår. Tuning in to teens er eit evidensbasert foreldrerettleiingsprogram som fokuserer på det emosjonelle bandet mellom foreldre og ungdomen. Programmet støttar foreldre slik at ungdomens følelsesuttrykk gir moglegheit for nærleik, forståing og sjølvregulering. Studiar har vist positive resultat for foreldre sjølv, relasjonen til ungdomen og ungdomens emosjonelle kompetanse og åtferdsuttrykk.

I kurset kan du lære korleis du

  • blir betre til å snakke med tenåringen din
  • forstår tenåringen din betre
  • hjelper tenåringen din til å handtere følelsane sine
  • førebygger åtferdsutfordringar hjå tenåringen din
  • hjelper tenåringen din med å handtere konfliktar

 

Ungdom som har ei høgare emosjonell kompetanse

  •  er tryggare og meir merksame i situasjonar kor dei opplever press frå jamaldrande
  • har lettare for å handtere konfliktar og får lettare vener
  • handterer betre vanskelege følelsar som sinne og tristheit
  • har færre psykiske plager og utfordringar ift. rus

 

Tid og stad

Kurset er gratis, og blir halde i kantina på Volda rådhus (i kjellaren) torsdagar kl. 17:00-19:00 på desse datoane: 

  • 5. februar
  • 12. februar
  • 26. februar
  • 5. mars
  • 12. mars 
  • 19. mars 

 

Dette er ei kursrekke der ein helst bør kunne delta på alle kurssamlingane. Mellom kvar samling er det heimeoppgåver der ein bygg vidare på det ein har lært. Ein kan gjerne kome i par, og fedre er veldig velkomne. 

Meld di interesse for deltaking til helsestasjonen på tlf. 70058820, eller på melding via Helsenorge.