Foreldrerettleiingskurs for foreldre med born på ungdomsskulen Kurs for foreldre til ungdom frå 8. til 10. klasse etter påske.FUS-teamet i Volda kommune. Volda kommune Etter påske vil foreldre- og ungdomsstøtteteamet (FUS) i Volda kommune starte opp kurs for foreldre til ungdom frå 8. til 10. klasse. Kurset heiter TINT – tuning in to teens, og er utvikla for foreldre til unge frå 10 år og oppover. Vi ynskjer å tilby dette til føresette som har elevar på ungdomsskulane denne gongen, og planlegg opa samling i haust. Tuning in to teens er eit evidensbasert foreldrerettleiingsprogram som fokuserer på det emosjonelle bandet mellom foreldre og ungdomen. Programmet støttar foreldre slik at ungdomens følelsesuttrykk gir moglegheit for nærleik, forståing og sjølvregulering. Studiar har vist positive resultat for foreldre sjølv, relasjonen til ungdomen og ungdomens emosjonelle kompetanse og åtferdsuttrykk. I kurset kan du lære korleis dublir betre til å snakke med tenåringen dinforstår tenåringen din betrehjelper tenåringen din til å handtere følelsane sineførebygger åtferdsutfordringar hjå tenåringen dinhjelper tenåringen din med å handtere konfliktar Ungdom som har ei høgare emosjonell kompetanseer tryggare og meir merksame i situasjonar kor dei opplever press frå jamaldrandehar lettare for å handtere konfliktar og får lettare venerhandterer betre vanskelege følelsar som sinne og tristheithar færre psykiske plager og utfordringar ift. rusKurset er gratis, og blir halde i kantina på Volda rådhus (i kjellaren) tysdagar kl. 16:15-18:15. Datoane for samlingane er 14.4, 21.4, 28.4, 5.5, 12.5 og 19.5. Dette er ei kursrekke der ein helst bør kunne delta på alle seks kurssamlingane. Mellom kvar samling er det heimeoppgåver der ein bygg vidare på det ein har lært. Ein kan gjerne kome i par, og fedre er veldig velkomne. Skriv i påmelding om begge skal vere med, eller berre ein av foreldra. OBS - det er avgrensa med plassar, så det er lurt å melde seg på snarast. Påmelding til helsestasjonen på tlf. 70 05 88 20, eller på melding via Helsenorge. STAD: Volda rådhus (i kjellaren) DAGAR: Tysdagar KLOKKE: 16.15–18.15.DATOAR: 14. april, 21. april, 28. april, 5. mai, 12. mai og 19. maiDette er ei kursrekke der ein helst bør kunne delta på alle seks kurssamlingane. Publisert 06.03.2026 13:54 Sist endra 06.03.2026 14:14