Formannskapet fekk også ei orientering om sentrumsutvikling og om Ulstein kommune sin strategi for fortetting og tilrettelegging av busetting og trivsel i sentrum. Ulstein kommune har gjennomført utviklingsarbeid som dei stadig får høge skår på i ulike rangeringar.
Dei har kome høgt opp på ulike parameter, og dei har fått prisar for dette arbeidet som dei har gjort. Gjennom arbeidet har dei også gjort seg nokre erfaringar som Volda kommune kan dra nytte av og ta med som referanse i vårt arbeid, seier ordførar Sølvi Dimmen. No før vi skal behandle sak om svømmeanlegg i Volda, er det nyttig å sjå kva Ulstein har fått til. Sjølv om det er andre typar spesifikasjonar vi skal ha, så er det nyttig å vite korleis Ulstein kommune har gjort det. Både når det kjem til korleis dei driftar det, økonomien i det, korleis dei har løyst det og kva dei har tenkt.
Når vi likevel var der var det også nyttig å sjå på den transformasjonen og fortettinga som Ulstein har gjort dei siste åra. Det var nyttig å høyre kva prosessar dei har hatt, kva reaksjonar dei har møtt og kva erfaringar dei har med dette. I Ulsteinvik har dei laga både høge bygg og gode utemiljø for å kompensere for dette.
Når vi har ei kommune så nær som har vore gjennom dette utviklingsarbeidet, så var det fint å reise dit og sjå, no før vi skal i gang med tilsvarande arbeid i Volda. Det er veldig fint at heile formannskapet får den samme referansebakgrunnen, sa ordførar Sølvi Dimmen etter synfaringa.
Formannskapet vart veldig godt mottatt av ordførar i Ulstein kommune, Knut Erik Engh, og kultursjef, Leif Ringstad, som viste fram biblioteket.