Illustrasjon laga med KI, ChatGPT
FHI informerer om at det blir forseinkingar i leveransane av årets influensavaksinar. Årsaka er produksjonsutfordringar hos enkelte vaksineprodusentar. Dette gjeld ikkje berre Noreg, men også fleire andre land.
Som følgje av dette planlegg Volda kommune å starte årets sesongvaksinering i veke 46 og 47.
Ifølgje FHI vil denne utsetjinga ikkje redusere effekten av vaksineringa, og vaksinering på dette tidspunktet vil framleis gi god beskyttelse gjennom influensasesongen.
Tilrådingane om kven som bør vaksinere seg, er uendra frå førre sesong.
For sjukeheimsbebuarar og andre særleg skrøpelege personar som har behov for særskilt tilpassa influensavaksinar, vil vaksineringa gå etter ordinær plan.
Kommunen vil kome tilbake med meir detaljert informasjon om tidspunkt, stad og praktisk gjennomføring av årets sesongvaksinering.
For meir informasjon om leveranseutfordringane viser vi til FHI sine nettsider.