Forsteheimsveka 2024 - saman kan vi gjere ein stor skilnad

Forsteheimsveka 2024 - saman kan vi gjere ein stor skilnad

Har du lyst til å vite meir om kva det inneber å vere fosterheim?  Bufetat inviterer til ope informasjonsmøte 25. april klokka 19.00. 

Denne veka står Barne- ungdoms- og familieetaten (Bufetat) i spissen for ei viktig nasjonal kampanje kalla Fosterheimsveka. 

Målet med kampanjen er å sette søkelyset på det aukande behovet for nye fosterheimar.  Saman kan vi gjere ein stor skilnad i livet til sårbare barn og ungdommar.

Lokale og regionale arrangement vil verte gjennomført i løpet av veka, og det vert retta ei særskilt oppmoding til dei som kjenner på eit ønske om å bidra som fosterforeldre til å delta og lære meir.


Bli med på informasjonsmøte og få vite meir 

Bufetat ønsker å kome i kontakt med deg som er nysgjerrig og vil vite meir om fosterheim. Dette er ein sjanse til å utforske moglegheitene og ta det første steget mot å gi eit barn ein trygg og god heim.  

 Vi trenge fosterheimar over heile landet – med ulik bakgrunn og ulike interesser! 

Har du motivasjon for å hjelpe barn og unge?

Som fosterheim har du ei unik moglegheit til å hjelpe eit barn eller ein ungdom til å få en ny start. Du vil få opplæring, rettleiing og tett oppfølging undervegs.
 

Informasjonsmøte der du kan lære meir om kva det inneber å bli fosterforeldre og korleis du kan bidra

STAD: Braud bakeri, Digernes:

TID: 25. april kl. 19.00 

Du kan sjå opptak av tv-innslag frå kampanjen på Sunnmøre LIVE: Slik ble de et vellykket fosterhjem - slive.no

Plakat der det står: Er du interessert i å vite meir om fosterheim?  Delta på informasjonsmøte på Braud bakeri på Digernes torsdag 25. april kl.19.00!  Du kan også sjå meir om fosterheim på Sunnmøre live på: slive.no.  For meir informasjon sjå, fosterhjem.no - Klikk for stort bilete Bufetat