Framlegg til endringar i vedtekter
Framlegg til endringar i vedtektene for SFO er no ute på høyring. Volda kommune brukar meir pengar enn det kommunen har i inntekter. I samband med budsjettet i fjor haust vedtok kommunestyret å redusere utgiftene i SFO med 2 mill i 2025 og 4 mill åra vidare. Dette er hovudgrunnen til at framlegg til endring i vedtektene for SFO vert sendt ut på høyring.
Framlegg til endring kort fortalt:
- Full plass
- Gratis 12 t pr veke for 1.-3. klasse etter skuletid.
- SFO er ope frå 1. august til 30. juni
- SFO er stengt 4 veker om sommaren
- Det vert ikkje gitt syskenmoderasjon i SFO
Saka er no sendt ut på høyring med høyringsfrist 26. oktober 2025.
Her finn du framlegg til nye vedtekter (PDF, 300 kB)
Framlegg til endring i § 3 i vedtektene for kulturskulen
Administrasjonen fremjar forslag om endring i ordlyden i § 3 i vedtektene. Viss ein fjernar punktet om at dei eldste søkarane blir prioritert, vurderer administrasjonen at vi får eit system som er meir i samsvar med rettferdskjensla: Ein stiller seg bakarst i køa og ventar på tur, uavhengig av alder.
Framlegg til revidering av § 3 i vedtektene for kulturskulen:
Elevopptak
• Elevar som har teke til i eit fag er prioriterte framfor nye elevar. Dette for å ivareta kontinuiteten i undervisninga.
• Ved opptak vert dei som har søkt først prioritert
Ved opptak til nye elevplassar, vil dei utan tilbod gå framfor dei som allereie har ein elevplass og som søker eit tilbod nummer to.
• Ved elevopptaket må det takast omsyn til trongen for grunnopplæring i korps og orkester, slik at desse vert sikra naudsynt rekruttering.
• Om det desentraliserte tilbodet i indre Volda, Folkestad og Ulvestad/Dalsfjord skulekrinsar ikkje kan ha same breidde som i Volda sentrum, står elevane frå desse krinsane fritt til å søke i Volda sentrum. Opptak og prioritering skal då vere uavhengig av bustad.
Saka er no sendt ut på høyring med høyringsfrist 26. oktober 2025.