Framtidsscenario i sentrum - No skjer det! Vil du vere med?

Framtidsscenario i sentrum - No skjer det! Vil du vere med?

Illustrasjon frå moglegheitsstudiet - trafikkfri gate mot sjøen. - Klikk for stort bileteIllustrasjon frå moglegheitsstudiet Moglegheitsstudiet

Vi minner om ope møte onsdag 9. mars på Volda samfunnhus kl. 18.00. Møtet vert strauma på: https://volda.kommunetv.no/

Her ser de ein video der vi fortel om moglegheitene for utviklinga av Volda sentrum. Volda kommune har inngått eit samarbeid med Asplan Viak om å kome opp med eit moglegheitsstudie.

Volda kommune håper denne videoen vil skape nysgjerrigheit og engasjement i befolkninga, og håper på stort oppmøte når vi inviterer til ope møte på samfunnshuset i Volda onsdag 9. mars kl 18.00

– Studien som no vert lagt fram viser moglegheiter for utvikling av Volda sentrum i framtida. Asplan Viak har i tett samarbeid med kommunen utarbeidd eit moglegheitsstudie, som viser to scenario for korleis Volda kan utvikle seg. Kommunen vil no ta med innbyggjarane på ein diskusjon rundt skissene i moglegheitsstudiet. Studiet er eit viktig grunnlagsdokument for utarbeiding av områdereguleringsplan for indre sentrumssone, som kommunen skal gå i gong med i 2022.

Korleis kan vi saman utvikle Volda til ein plass der både næringsliv, barn, unge og vaksne vil kome til og bli verande og trivast, undrast ordførar Sølvi Dimmen.

På møtet vil arkitekt Geir Egilson frå Asplan Viak presentere studien, etterfølgt av ein spørjerunde. Det vil og verte halde ein sofadebatt, leia av ordførar Sølvi Dimmen og fleire frå næringslivet vil ta del i denne.