Frivilligforum samla organisasjonar til beredskapssamling i Volda

Frivilligforum samla organisasjonar til beredskapssamling i Volda

Beredskap var tema då Volda frivilligforum inviterte til årets første samling 3. mars på Røde Kors-huset. 

Sonja Håvik, Kristine Sofie Orheim Hansen, Sølvi Dimmen og Audun Høidal - Klikk for stort bileteSonja Håvik, Kristine Sofie Orheim Hansen, Sølvi Dimmen og Audun Høidal Volda kommune

Beredskap var tema då Volda frivilligforum inviterte til årets første samling 3. mars på Røde Kors-huset. Representantar frå frivillige organisasjonar, Volda kommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal møttest for å dele kunnskap og diskutere korleis lokalsamfunnet kan stå betre rusta til å handtere kriser.

Volda frivilligforum er ein samhandlingsarena for frivillig sektor i kommunen. Målet er å styrke frivillig sektor som samfunnsaktør og betre samarbeidet mellom lag og organisasjonar, kommunen og andre aktørar i lokalsamfunnet. Forumet arrangerer fleire samlingar i løpet av året der aktuelle tema blir sette på dagsorden.

På samlinga 3. mars var temaet beredskap – eit høgaktuelt tema som også heng tett saman med det nasjonale Totalforsvarsåret 2026.

Ordførar Sølvi Dimmen opna samlinga. På programmet stod innlegg frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Volda Røde Kors og Volda kommune, før deltakarane fekk høve til å diskutere vidare samarbeid gjennom samtalar rundt borda.

 

Ordførar Sølvi Dimmen opna samlinga og ønskte deltakarane velkomne til ein kveld med faglege innlegg, dialog og sosialt samvær. Representantar frå fleire frivillige organisasjonar deltok.

Målet med samlinga var å dele kunnskap og styrke samarbeidet mellom frivillig sektor og kommunen i arbeidet med beredskap.

 

Frivilligheita ein grunnpilar i beredskapen

Gunnhild Anett Naas frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal heldt innlegg om rolla frivillige organisasjonar spelar i samfunnsberedskapen.

Ho peika på at vi lever i ei tid med eit meir samansett og alvorleg trusselbilete enn på lenge. Krig i Europa, klimaendringar, teknologiske truslar og eit aukande tempo i informasjonsstraumen gjer det viktig å vere førebudd.

– Frivilligheita er ein grunnpilar i beredskapen vår. Dette er noko myndigheitene ikkje kan levere åleine, sa Naas.

Ho understreka at frivillige organisasjonar bidreg både med praktisk hjelp, kunnskap og opplæring, og at dei ofte har stor tillit i befolkninga.

Beredskapsarbeidet i Noreg byggjer på fire grunnleggjande prinsipp: ansvarsprinsippet, likskapsprinsippet, nærleiksprinsippet og samvirkeprinsippet. Desse prinsippa skal sikre at kriser blir handterte så nært hendinga som mogleg og i tett samarbeid mellom ulike aktørar.

 

Totalforsvar – eit felles ansvar

I 2026 er det nasjonalt fokus på totalforsvar gjennom det såkalla «Totalforsvarsåret». Totalforsvaret handlar om samarbeidet mellom sivile og militære ressursar for å førebygge og handtere kriser og krig.

Frivillige organisasjonar er ein viktig del av dette arbeidet, både i førebygging, under kriser og i etterarbeid.

 

Kommunen si rolle i beredskapen

Beredskapskoordinator i Volda kommune, Sonja Håvik, orienterte om kommunen sitt beredskapsarbeid.

Kommunane har eit grunnleggjande ansvar for å beskytte befolkninga og oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar. Målet er å utvikle trygge og robuste lokalsamfunn gjennom samarbeid mellom offentlege, private og frivillige aktørar.

Håvik presenterte også korleis kommunen arbeider med beredskap på ulike nivå – frå daglege hendingar til større kriser.

Ho understreka at frivillige organisasjonar er ein viktig ressurs i dette arbeidet. Gjennom samarbeidsavtalar kan frivillige mellom anna bidra med transport ved evakuering, drift av evakuerings- og pårørandesenter, praktisk bistand til helse- og omsorgstenester og støtte i samband med større hendingar.

 

Røde Kors: Brei beredskap og sterk lokal forankring

Volda Røde Kors ved Audun Høidal presenterte også sitt beredskapsarbeid. Organisasjonen har rundt 250 frivillige og lang erfaring med søk- og redningsoppdrag og støtte til kommunen i små og store hendingar.

Som beredskapsorganisasjon arbeider Røde Kors for å avdekke, hindre og lindre menneskeleg nød og liding. Arbeidet byggjer på frivillig innsats, lokal kunnskap og evna til å mobilisere raskt når det trengst.

Røde Kors sitt beredskapsarbeid omfattar mellom anna:

  • Søk- og redningsaksjonar, der hjelpekorpset rykkjer ut saman med politi og andre nødetatar i leiting etter sakna personar.
  • Evakuerings- og pårørandesenter, der dei kan gi tryggleik, informasjon og omsorg til menneske som er råka av ei hending.
  • Forpleining og praktisk støtte, til både dei som er ramma og til innsatsmannskap under redningsaksjonar.
  • Psykososial førstehjelp, der frivillige møter menneske i krise med støtte, samtale og omsorg.

 

– Beredskap handlar ikkje berre om system og utstyr, men også om å møte menneske i krise på ein trygg og medmenneskeleg måte,  understreka Audun Høidal frå Røde kors. 

Frivillig innsats frå lokalsamfunnet, brei kompetanse og eit sterkt fokus på menneske i krise er noko av det som gjer Røde Kors til ein viktig samarbeidspartnar i beredskapsarbeidet.

 

Viktig møteplass for samarbeid

Samlinga vart avslutta med kveldsmat og samtalar rundt borda om korleis frivillige organisasjonar og kommunen kan samarbeide vidare om beredskap og samfunnstryggleik.

Frivilligforum er ein viktig møteplass for å bli betre kjende med kvarandre sine ressursar og for å styrke samarbeidet lokalt.

Eit sterkt samarbeid mellom kommune, frivillige organisasjonar og innbyggjarar er avgjerande for å kunne handtere både små og store hendingar i framtida.

 

Frivilligforum 03.03.26  - Klikk for stort bileteDet var godt oppmøte på samlinga Volda kommune