Frivilligpris 2022

Frå Øyralangs 2022

Kven skal få frivilligprisen 2022?

Det er no tid for å foreslå kandidatar for Volda kommune sin frivilligpris 2022.
Frist for å nominere kandidatar er 1. desember, og prisen vert delt ut i samband med kommunestyremøtet 15. desember. 

Kven skal få frivilligprisen Kriterier/retningslinjer for prisen:

Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal foreining eller gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet
Ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats, skal prisen synleggjere eigenverdien og samfunnsverdien av denne
Mangfald og breidde i den frivillige innsatsen, med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur, skal over tid gjenspeglast i eit tilsvarande mangfald mellom prisvinnarar
Prisen kan gjevast på grunnlag av ein person, lokal foreining eller gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt


Som tidlegare ber me om at forslaga vert sendt på epost til postmottak@volda.kommune.no, pr post til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda eller levert i skranken på rådhuset.

Øyralangs fekk tildelt frivilligprisen 2021.

Oversyn over dei som har fått frivilligprisen før