Volda kommune
Juryen si uttale
Frivilligprisen skal løfte fram initiativ, engasjement og pågangsmot som gjer lokalsamfunnet vårt rikare.
Årets prisvinnar har røter i ein organisasjon som har stått på for helse og livskvalitet i over hundre år. Dei bidreg til eit trygt og inkluderande samfunn, med særleg fokus på helse, sosialt fellesskap og beredskap. Arbeidet dei gjer er partipolitisk uavhengig og livssynsnøytralt, og byggjer på verdiane omsorg, fellesskap og handlekraft.
I Volda har vi sett korleis dei gjennom over hundre år har vore i forkant av utviklinga og på fleire måtar lagt grunnen for det velferdssamfunnet og dei helsetenester vi i dag tek for gitt. Både praktisk og gjennom innsamling av økonomiske midlar.
I dag er dei ein viktig del av vår beredskap og dei skaper dei viktige møteplassar for eldre, legg til rette for integrering gjennom språkvenn og kulturmøter, og invitert til helsefremjande aktivitetar som turar og møteplassar for eldre. Dei har stilt opp med beredskap og støtte i krisesituasjonar, og samla inn midlar til forsking på kvinnehelse. Dei har bidrege med utstyr til sjukehuset, støtte til omsorgstenester og tiltak for barn og unge. Gjennom alt dette og meir til, har desse foregangskvinnene vist kva frivillig arbeid handlar om: å sjå behova, å bry seg, å stille opp, og å gjere livet litt betre for andre.
Juryen er imponert over kor mykje dei får til, -stille, men sterkt – og korleis dei har halde fast på verdiane omsorg, fellesskap og handlekraft.
Frivilligprisen 2025 går til dei fem sanitetslaga i Volda kommune; Mork, Vikebygda, Volda, Austefjorden og Hornindal. Vi gratulerer med 125-årsjubileumet og takkar for all den innsatsen de legg ned.