Frivilligprisen og Innovasjonsprisen 2019

Frivilligprisen og Innovasjonsprisen 2019

Berit Koen og Per Ernst Lundberg fekk tildelt Volda kommune sin frivillegpris i 2019 for sitt store engasjement over mange år. Joakim Rødven Under det siste møtet i "gamle" Volda kommunestyremøtet vart Folkestad skule og Berit Koen og Per Ernst Lundberg heidra med pris.

Frivillegprisen

Dette er ein pris som skal tildelast ein initiativrik person, lokal forening/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet.

Prisen kan gjevast på grunnlag av ein person/lokal forening/gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.

I 2019 vart denne prisen delt ut til Berit Koen og Per Ernst Lundberg, med følgjande argumentasjon:

I år går frivilligprisen til to personar som  har vist både initiativ, engasjement og pågangsmot i all sin frivillige innsats over lang tid, faktisk i heile 25 år, til beste for den enkelt deltakar, gruppa av deltakarar og, som den eine av forslagsstillarane uttrykker det:

«..tiltaket betyr mykje for mange fleire enn desse damene. Mødre som er trygge på ski bidreg sterkt til skiglade barn/familiar».

Andre forlagsstillarar seier om priskandidatane:

  • «Alltid like blide og motiverande har dei skapt ein fantastisk arena for kvinnelig skiglede, for nybegynnarar og viderekomne».
  • for den store innsatsen dei har gjort/ gjer for folkehelsa, m.a med skidamekveldane på Reset og rydding og merking av turstiar i og rundt Volda.

Frivilligprisen 2019 går til Berit Koen og Per Ernst Lundberg for sin mangeårige frivillige innsats for friluftslivsaktivitet generelt, og spesielt for 25 år med dameskikveldar  på Reset, der dei har dei halde familiebakken på Reset open for dameskikøyring kvar mandagskveld. Heismann Hå, Per Ernst har kjørt trekket medan Berit har rettleia i bakken.

Folkestad skule fekk tildelte Volda kommune sin innovasjonspris i 2019 for kjeldesorteringssystem. Joakim Rødven

Innovasjonsprisen

Dette er ein pris som sidan 2014 har vore vert delt ut til tilsette i Volda kommune som har utvikla og iverksett innovativt tiltak som gjev auka verdiskaping for Volda kommune.

Innovasjon er prosessen med å utvikle nye idear og realisere dei slik at dei gjev meirverdi. Det skal vere nytt, nyttig og nyttiggjort.

Primært skal ideen vere gjennomført. Dersom den ikkje er det, må den kunne vere gjennomførbar.

I 2019 vart denne prisen delt ut til Folkestad skule, med følgjande argumentasjon:

Vinnarforslaget er eit innovativt tiltak som vil kunne gi meirverdi for Volda kommune. Slik juryen ser det er dette både eit nytt, nyttig og ikkje minst nyttiggjort tiltak i vår kommune. Prosjektet er gjennomført og kan vise til at det fungerer i praksis.

I dette prosjektet var løysinga ukjent, men gjennom ein god prosess mellom brukarane og dei tilsette, såg ein behovet for å skape ei ny løysing. Resultatet av dette tiltaket har både ein effekt for kommunen sine brukarane, for tilsette/arbeidsmiljøet og for kommunen si drift (økonomi).

Gjennom ein positiv tankegang om «korleis kan vi løyse eit problem med dei ressursane vi har?» har forslagsstillar klart å skape noko positivt utan å bruke store ressursar. Tiltaket bidreg til å løfte sin eigen organisasjon fram som ein god rollemodell, som forhåpentlegvis kan bidra til at fleire i Volda kommune, og samfunnet elles, kan følgje etter i same retning.

I eit samfunn der miljø og klima er eit stadig aktuelt tema bidreg dette tiltaket til å gjere ein kvardagsleg innsats som både er miljøbevisst og også kostnadssparande. Det er derfor gledeleg for juryen å sjå at Folkestad skule, utan å investere i større sorteringsanlegg, har laga eit sorteringssystem ut frå materiale dei i utgangspunktet hadde tenkt å kaste. Dette tiltaket legg både til rette for eit godt miljøfokus og samtidig kan redusere kostnadar for Volda kommune gjennom avfallssortering.

Juryen ynskjer dermed å tildele kr 10.000,- til Folkestad skule for eit positivt bidrag i årets innovasjonspris. Juryen vonar også at fleire delar av  kommuneorganisasjonen følgjer etter og legg til rette for kjeldesortering ved sin arbeidsstad.