Fylkeskommunen overtek ansvaret for TT-kort

Fylkeskommunen overtek ansvaret for TT-kort

Frå 1. juli 2026 tek Møre og Romsdal fylkeskommune over ansvaret for godkjenning av brukarar og behandling av klager på TT-kort, og det er ikkje lenger kommunen som skal behandle desse søknadene. Alle som er brukarar av TT-kort har fått tilsendt informasjon om den nye ordninga.

Transporttenesta (TT-ordninga) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør, for personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise med kollektivtransport.

Når Møre og Romsdal fylkeskommune overtek ansvaret for ordninga, trer samtidig nye retningslinjer i kraft. Dette inneber mellom anna at brukarsonene M1 og M2 blir slått saman, og at den årlege tildelinga til denne brukargruppa aukar til 4500 kr for året 2026. Det vil samtidig bli gjort frådrag for tildeling som allereie er gitt for første halvår 2026, frå same dato som fylkeskommunen overtek ansvaret for TT‑ordninga.

Du finn meir informasjon om TT-ordninga, søknadsskjema og retningsliner på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside.