I førre veke var fyrste spadetak og dermed startskotet for prosjekt "Grodås aust". Prosjektet inneber kommunal utbygging av ny infrastruktur på austsida av Grodås sentrum. Dette for å legge til rette for vidare utvikling og meir framtidig busetnad i dette området. Etter offentleg innkjøp vart det nyleg skrive kontrakt mellom Volda kommune og Vinsrygg Maskin AS for utføring av oppdraget. Entreprisen gjennomførast som generaltentreprise etter kontraktsstandarden NS 8406, med ein kontraktssum på kr 6 410 445 inkl. mva.
Det er med glede å kunne presentere oppstart av eit nytt prosjekt i nye Volda kommune. Som offentleg byggherre er det fint å kunne vise til aktivitet og vere ein viktig oppdragsgivar for det private næringslivet i regionen. Særskild i lys av den spesielle situasjonen landet har vore i denne våren, og framleis er i. Kommunen er også svært glad for at Vinsrygg Maskin har ei offensiv satsing på bruk av lærlingar, og at det vil vere lærlingar stasjonert på dette prosjektet.
Voldafirmaet Per Mulvik AS har hatt detaljprosjekteringa med utarbeiding av teikningar og mengdebeskriving. Dei har også gjennomført anbodsprosess og hatt diverse koordinering opp mot ulike fag, etatar, grunneigarar og byggherre.
Samla prosjekt inneheld gjennomføring av fleire del-element. Kommunen skal bygge ny veg med delvis fortau. Det skal også leggast fram ny vassforsyning og nytt avløp. Vidare har vi inngått eit samarbeid med Mørenett der høgspentlinja i luftspenn skal sanerast. Dette vil vere ein stor fordel då slike luftspenn bandlegg areal mtp. utbygging. Høgspentkabelen skal omleggast som bakkekabel, og straumforsyninga til området skal generelt oppgraderast. Det vert også lag til rette for framføring av fiber.
Total kostnadsramme for prosjektet er på kr 8,7 millionar og er basert på vedtak i Volda kommunestyre 14.05.20. I denne ramma ligg m.a. kostnader knytt til prosjekteringskontrakt, entreprisekontrakt, grunnerverv, diverse materiell og generell prosjektadministrasjon. Kommunen får kompensert det meste av momsen i prosjektet, då dette er eit investeringsprosjekt knytt opp mot kjøp av varer og tenester som inngår i lovpålagd kommunal tenesteproduksjon. Reelle kostnader vil difor verte noko mindre enn ovanforståande sum.
Investeringane skal realiserast gjennom eit eige prosjekt i kommunal regi, men det skal dekkast inn med 100 % refusjonsordning. Med dette er ei viktig brikke i finanseringa av prosjektet på plass. Kommunen forskotterer kostnadane med utbygginga. Prosjektet vil ikkje vere komplett inndekt før ev. komplett utbygging av dei private areala som ligg til grunn for refusjonsutrekninga.
Prosjektet er venta ferdigstilt i oktober i år. Det er altså lagt opp til ei effektiv framdrift, og det vert full anleggsaktivitet i bakkane aust for sentrum utover vår, sommar og haust. Det er viktig for kommunen som byggherre å nå ut med informasjon til publikum, slik at innbyggarane får ta del i dei prosjekta som politikarane har vedteke skal gjennomførast. I den samanheng planlegg vi månadlege oppdateringar for prosjektet på kommunen si heimeside. Dersom det er spesielle spørsmål til prosjektet er det berre å ta kontakt med prosjektleiar.
Pål Are Vadstein, prosjektleiar.