Garden som ressurs - Volda kommune

Garden som ressurs

Garden som ressurs

Bilde viser ein invitasjon til garden som ressurs. - Klikk for stort bileteInvitasjon. Landbrukskontoret

Møte for deg som har ein draum eller idé om å utvikle noko på garden din! I år: Med fokus på lokalmat 

Med fokus på lokalmat – nettverksbygging for etablerte produsentar og for deg som tenkjer på å starte opp.

Her får ein møte verkemiddelapparat som kommune, hoppid og Innovasjon Norge, som vil fortelje om sine ordningar, tilskot og moglegheiter.

Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforsvaltaren si satsing "Garden som ressurs" har som mål å stimulere til auka samarbeid og engasjement hjå aktørar som brukar garden som ressurs. Møtet skal bidra til å lyfte fram dei som går med tankar om å utvikle noko på eigen gard og bidra til kontakt med støtteapparatet.

Prosjektet «Garden som ressurs», har som mål å stimulere til auka samarbeid og engasjement mellom lokale grûndarar.

Dette er første møte i ein serie på tre temamøte om lokalmat – dei to andre møta vert hausten 2026.

Vi oppmodar deg som driv eller ynskjer å starte med ny næring på garden, til å delta.

Torsdag 28. mai 2026
kl. 17.00–20.00
Festsalen, Volda samfunnshus

Program

  • Velkomen – info om Garden som ressurs 2.0
  • Melchiorgarden i Norddal fortel om si satsing på lokalmat, med geitehald og bærproduksjon
  • Egil Hustoft frå Kompetansenettverk lokalmat fortel om deira tilbod til lokalmatprodusentar
  • Matpause – enkel servering
  • Prat rundt borda/gruppearbeid: Kva tilbod treng/ynskjer eg som lokalmatprodusent?  
  • Agrilogg – info om prosjektet «Bondebuda» i Ørsta
  • Martin Foldal - tilskotsordning gjennom Innovasjon Norge til bedriftsnettverk

 

Påmelding

Møtet er gratis, men vi må ha påmelding på grunn av planlegging av matservering.

Påmeldingsfrist: tysdag 26. mai kl. 08:00.

Påmeldingsskjema

Får du ikkje meldt deg på via det digitale skjemaet, kan du sende ein e-post til oddhild.kalvatn@orsta.kommune.no

Vel møtt!

Arrangørar

  • Landbrukskontoret Ørsta Volda

Hoppid-kontora: 

  • Ørsta næringskontor
  • Sunnmøre kulturnæringshage AS