Gjennomgang av vedtak om tryggleiksalarm

Gjennomgang av vedtak om tryggleiksalarm

Volda kommune har motteke brev frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om regelverket for eigenbetaling for tryggleiksalarm.

På denne bakgrunnen vil kommunen no gå gjennom alle vedtak der det er kravd eigenbetaling for tryggleiksalarm.

Kommunen kan berre krevje eigenbetaling når det finst heimel i lov eller forskrift.  Ved vurderinga må kommunen sjå nærare på kva slags hjelp tryggleiksalarmen er knytt til, og om det i den enkelte saka er rettsleg grunnlag for å krevje betaling.

Kommunen vil derfor gjere individuelle vurderingar av gjeldande vedtak for å sikre at praksisen er i samsvar med regelverket. Dersom gjennomgangen fører til endring i vedtaket ditt, vil du få skriftleg melding frå kommunen.

Treng eg å gjere noko?

Nei. Du treng ikkje sende inn ny søknad eller klage for at saka di skal bli vurdert på nytt. Kommunen går gjennom aktuelle vedtak på eige initiativ.

Dersom gjennomgangen gjeld deg, vil du få informasjon direkte frå kommunen.

 

Kva skjer vidare?

Arbeidet med gjennomgangen startar så snart som mogleg. Det er om lag 200 brukarar som i dag betaler eigenandel for tryggleiksalarm i Volda kommune. På grunn av ferieavvikling og redusert bemanning dei komande vekene, vil det ta noko tid å gå gjennom alle vedtaka.

Vi ber om forståing for dette. Kommunen vil ta kontakt med dei det gjeld så snart saka deira er vurdert.

 

Har du spørsmål som ikkje kan vente, kan du kontakte kommunen på vanleg måte.