Globalskolen AS vert eigd 100 % av Volda kommune

Globalskolen AS vert eigd 100 % av Volda kommune

Globalskolen AS vert frå no av direkte eigd 100% av Volda kommune etter vedtak i kommunestyret 30. september.

Volda kommunestyre gjorde i går vedtak om å kjøpe AV-senteret AS sin aksjepost i Globalskolen AS. Dette etter at eigarane av AV-senteret AS i februar 2020, gjorde vedtak om å legge ned AV-senteret AS. Prosessen har tatt noko tid, men med torsdagens vedtak var alle AV-senteret AS sine eigenlutar avhenda, alle forpliktingar gjort opp, og selskapet kan no formelt avviklast. Overskytande kapital i AV-senteret AS, skal no betalast attende til aksjeeigarane, Volda kommune, Sande kommune, Vanylven kommune og Sykkylven kommune.

Globalskolen AS vert frå no av direkte eigd 100% av Volda kommune. Ordførar Sølvi Dimmen, styreleiar Olav Trandal og dagleg leiar Sverre Leivdal, signerte kontrakta mellom AV-senteret AS og Volda kommune fredag 1. oktober. Styret i Globalskolen AS godkjente Volda kommune som ny eigar av Globalskolen AS i eit påfølgjande styremøte fredag ettermiddag. Endringa i eigarskap får ingen konsekvensar for dei tilsette, og Volda kommune tek heller ikkje på seg noko ansvar utover sjølve eigarskapen. Globalskolen skal framleis bestå som sjølvstendig aksjeselskap og drive etter selskapet sine gjeldande vedtekter.

Dagleg leiar, Sverre Leivdal, er nøgd med at ein lang prosess no går mot slutten, og på vegne av styret uttrykkjer Olav Trandal stor takk til utgåande eigarar. Det har vore eit langvarig og godt samarbeid, og styret ser no fram til eit nært samarbeid med sin nye eigar.