Godt arbeidsmiljø og lågt sjukefråver på Pile-/Kleppetunet

Godt arbeidsmiljø og lågt sjukefråver på Pile-/Kleppetunet

STIM-gruppa på Pile-/Kleppetunet består av seksjonsleiar Sigrid Saanum, verneombod Hilde Kauppi Straumsheim, tillitsvalt NSF Jørn Humberset og tillitsvalt fagforbundet Kari Bjørkedal - Klikk for stort bileteSTIM-gruppa på Pile-/Kleppetunet består av seksjonsleiar Sigrid Saanum, verneombod Hilde Kauppi Straumsheim, tillitsvalt NSF Jørn Humberset og tillitsvalt fagforbundet Kari Bjørkedal

Medarbeidarundersøkinga viser at Piletunet og Kleppetunet har eit godt arbeidsmiljø og at avdelinga har hatt eit lågt sjukefråver - ca to prosent - over lang tid.

Arbeidsmiljøutvalet i Volda (AMU) kommune var svært interessert i å få vite korleis avdelinga fekk så gode resultat. I byrjinga av mai inviterte derfor arbeidsmiljøutvalet i kommunen STIM-gruppa ved Piletunet og Kleppetunet på Volda omsorgssenter for å få ei orientering om deira kvardag og utfordringar knytt til avdelinga.

I Volda kommune har kvar avdeling si eiga STIM-gruppe. STIM-gruppa er sett saman av leiar, tillitsvald og verneombod på arbeidsplassen, og har Samarbeid, Tryggleik, Inkludering og Miljø som agenda.

STIM-gruppa på Pile-/Kleppetunet peikar på følgande moment for at seksjonen har lykkast i å etablere godt arbeidsmiljø og å ha lågt sjukefråver:

  • Seksjonen set miljøarbeid og tilpassa aktivitet høgt
  • Personalgruppa har fokus på godt samarbeid, samhald og kommunikasjon både på jobb og på fritida
  • Openheit og rausheit for både tilsette, pasientar og pårørande
  • Dei tilsette har pasientane i fokus
  • Dei pårørande blir inkludert i kvardagen, og det blir arrangert pårørandetreff kvart halvår
  • Leiar er tett på, og tilgjengeleg for tilsette, og ligg i forkant av arbeidet i avdelinga
  • Leiar har tett oppfølging i krevjande saker, og individuell oppfølging etter behov
  • Leiar ser sine tilsette, verdset deira kompetanse, styrkar, og viser tillit

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) takkar for besøket og ynskjer leiar, STIM-gruppa, dei tilsette og avdelinga lykke vidare med det gode arbeidet.