Gratis vinterferietilbod til ungdom i ungdomsskulen

Gratis vinterferietilbod til ungdom i ungdomsskulen

Sunnmøre friluftsråd arrangerer vinterferietilbod i Sykkylven for elevar i ungdomsskulen.

Menneske som går på langrennski  - Klikk for stort bilete Sunnmøre friluftsråd | friluftsraadet.no/

Målgruppa er ungdom i ungdomsskulen. Leiren blir arrangert frå ettermiddagen tysdag 20. februar til og med laurdag 24. februar.

I samarbeid med Skattekammeret i Spjelkavik og BUA-ordningane låner vi ski og anna vinterutstyr til dei som ikkje har eige utstyr.

Informasjon om kva utstyr ungdommane eventuelt treng å låne skriv du i påmeldinga.

Sunnmøre friluftsråd har bestilt ein eigen turbuss som går ruta Volda, Ulsteinvik, Hareid, Moa, Sykkylven og Orreneset tur og retur.

I påmeldinga hukar ein av på kva stopp ein vil kome på bussen, og ein av leiarane er med bussen og møter ungdommane på stoppen.

Vinterferieleiren med reise, overnatting, mat, aktivitetar og eventuelt heiskort er gratis.

 

Sunnmøre friluftsråd har opna for påmelding: Vinterferieleir for ungdom i Sykkylven (friluftsraadet.no)

 

Har du spørsmål kan du kontakte:

Sunnmøre friluftsråd ved Christer Lundberg Nes på telefon 91 24 64 00