
Informasjon om gravearbeid i Heltnevegen og trafikkavvikling Volda kommune startar i desse dagar arbeidet med å skifte røyrleidningane for vatn og avløp som ligg i Heltnevegen.
I vedlagte dokument vil de sjå at køyremønsteret for alle som nyttar nedre del av Heltnevegen, vert endra. Iverksetting vert tysdag 8. april etter kl 09:00. Arbeidet i Heltnevegen startar nede i krysset frå Vikebygdvegen og vil strekkje seg opp til Sollida, i denne omgang. Vi vil forsøke å opne Heltnevegen gradvis etter kvart som vi kjem oss oppover.
De vil verte varsla i god tid før de eventuelt kan nytte vegen igjen. Post og renovasjon vil bli levert/henta som normalt, men via omkøyringsvegane. Arbeidet er berekna å vere ferdig i oktober/november 2025.
Ta kontakt med underteikna på e-post dersom du har spørsmål til prosjektet: helge.berstad@volda.kommune.no
Med helsing Helge Berstad, prosjektleiar
Skisse av omkjøyring (PDF, 734 kB)