Har du bestemt deg? - Då kan du stemme på førehand!

Har du bestemt deg? - Då kan du stemme på førehand!

Du kan stemme på førehand ved dei ordinære mottaksstadane i Volda kommune frå og med mandag 11. august til og med fredag 5. september 2025. Dersom du oppheld deg i ei anna kommune enn den du er registrert busett i, så kan du stemme der den kommunen har ope for mottak av førehandsstemmer. 

Valgdirektoratet

I Volda kommune er det ope for mottak av førehandsrøyster på følgjande stader og til følgande tidspunkt: 

Her kan du førehandsstemme
Stad Dato Opningstid
Rådhuset 11.08.-15.08. 9:00-15:00
Samfunnshuset 18.08.-27.08. og 29.08. 9:00-15:00
Samfunnshuset 28.08. (langope) 09:00-18:00
Kommunehuset Smia 03.09. (langope) 12:00-18:00
Samfunnshuset 30.08. (laurdag) 11:00-14:00
Samfunnshuset 01.09.-04.09. (langope) 09:00-18:00
Samfunnshuset 05.09. 09:00-16:00

Stemme heime ("ambulerande stemmegiving)

Dersom du på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan møte i fram i vallokalet på valdagen 8. september 2025, eller ikkje kan stemme på førehand, kan ta kontakt med kommunen om å få avgje førehandsstemme der du oppheld deg. Du må oppgje årsak til at du ønsker å nytte moglegheita til å stemme heime.

Dersom du ønsker å søke om ambulerande stemmegiving, så er det søknadsfrist torsdag 4. september kl. 12:00.

Legitmasjon

Ta med legitimasjon når du skal førehandsstemme. Dersom du møter opp i vallokalet utan legitimasjon og du er ukjend for stemmemottakar, vil du ikkje få anledning til å stemme. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde.

Å stemme frå utlandet

Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet kan stemme på førehand frå norske ambassader og andre utanriksstasjonar, eller hos andre oppnemnde stemmemottakarar frå 1. juli 2025. Siste dag for å førehandssstemme frå utlandet er 29. august. Du er sjølv ansvarleg for å stemme så tidleg at stemmen kjem fram til Volda kommune innan tysdag 9. september kl. 17.00.

Du kan lese meir om å stemme frå utlandet på dei nasjonale val-sidene.

Kontakt

Inger-Johanne Johnsen
avdelingsleiar
E-post
Mobil 95 90 10 61
Sonja Håvik
rådgjevar
E-post
Telefon 70 05 88 82
Mobil 92 88 93 26