Har du bustad til flyktningar?

Har du bustad til flyktningar?

Volda sentrum sett frå Panoramavegen - Klikk for stort bileteVolda kommune ønsker å få oversikt over potensielle bustader for flyktningar. Dette er noko vi alltid ser etter, men situasjonen i Ukraina har auka behovet ytterlegare.

Dette treng vi:

Det er mykje som framleis er uklart med omsyn til kor mange flyktningar som vil kome og når dei vil kome. Vi treng ei oversikt over tilgjengelege bustadar. Innsendt skjema er ingen kontrakt, men ei kartlegging.

Vi presiserer at kommunen ikkje forpliktar seg til å nytte bustadene som vert meldt inn – og motsett, ei melding til kommunen forpliktar heller ikkje huseigar på nokon måte.

Bustadene vi ønsker oversikt over må oppfylle følgande krav:

  • Eigen bustad (eigen inngang)
  • Rom godkjend til opphald (brannsikring, rømingsvegar, dagslys m.m.)
  • Kjøkken, opphaldsrom, bad og soverom
  • Internett

 

Har du ein ledig bustad som stettar krava over?

Registrer deg og bustaden via dette skjemaet. Dersom det blir aktuelt med leige, vil vi ta kontakt med deg. 

Om Ukraina og flyktningsituasjonen